Elvesteinen

av Aslaug Vaa

Ingenstad er ein eismall
som uppi vieren,
ja uppå vidda.
Høgt ivi der som bergbrurin stend i ufsin
og skin i den grøne silkestakken sin,
høgt ivi smylegras og rume
der dei smøygjer seg kring kvite bjørkeleggir
i ljuve kjosir og hallir,
der ljos og skugge
leikar seg i skiftande tæpe
og breier sitt mjuke ynde
ivi hugen.

- Men på vidda
skyt dei kalde kvite fennan
rygg imot himilsyni,
og sender frå seg ljosegrøne, fyssande æar
som hiver seg i stryk
og kviler ut i stille løkjir og blå vatn
idet dei skjer seg veg gjenom endelause flottir,
fyrr dei slengjer seg ut ivi bjørkelidan
i brusande sprang.

- Men på vidda
er det so stilt
at du høyrer stigi dine glida på fænen;
- er det so ljost
at når du lyfter arman
er det som du held kring kvite skyir
som fyller bringa med høge tonar;
- er det so langt
at du blir standans og aller veit
om du kjem fram.

Ja, der er lenger enn langt,
for når du leitar mot målet
gjeng du deg inn i himilsyni.

Ingenstad er ein eismall som der.
Kan ein smil fanga
der foten stigar beint inn i himilen?

Men der eg vadde ivi vadet
fekk eg auga på andlitet mitt i vassflata.
Når ein blir standans og stire på seg
veit ein fyrst ein er eismall.
Og ein rettar hendan ut
etter ei hond -
og bed ei bøn
som ein ikkje veit ord til
men som fer gjenom holdet som eld og frost.

Og sjå -
vindsusen og dei skiftande skuggar i himilsyni
høyrde den bøni.
På elvekanten fekk eg sjå fotefar.
Ein mjuk ledug fot hadde brote stiget i den
      kvite sanden.

Og eg spurde meg:
Hev mitt lengtande sinn skapt deg
og sendt deg fyre?
Men so såg eg deg -
du stod der vatnet kvervla seg kring elvesteinan,
- du som eg
hadde stansa upp
på vegen mot himilsyni.

Der du stod på elvesteinen
med det grøne vatnet frå fennan skomans
        ikring deg
og vog deg att og fram
og kjende tyngdi av din eigen lekam
i eit brus som svara til åkvervlane
- og eg stod på elvekanetn
der vi'eren vippa i vinden
og krisla seg i ledan,
med vatnet song sin eigen uvyrdslege song
om straumen som renn og aller biar
som er ny i kvar rørsle -
der kjende eg straumen av mitt eige sinn
fløyme ut i åbruset,
renne skiftande logn og uvyrdsleg strid
og smøygje seg og kruse seg kring elvesteinan
i svingar og sveivar som eg ikkje fyrr
        visste om.

Ja, du stod på elvesteinan
og vog deg med tyngdi av din eigen lekam
i vik og drag med straumen.

Og mitt sinn løyste seg ut
og vogga seg i ådraget
og krusa seg i vindesusen
og visste meir og meir om den stundi
då det nådde fram,
- då det møtte elvesteinen.

Kjelde: Aslaug Vaa, Dikt i utval, Noregs boklag, 1964, s. 61

Kommentarer