Fjellbekken

av Jakob Sande

Villbratte høgfjell blånar,
   i stråledis, tind ved tind,
breane brest og brånar
   for vårsol og maivind.
Det susar i stengde dalar,
   der trolltjønna, myrk og vill,
mot audslege svadberg skvalar,
   i vårnatta, stor og still.

Ørna i stormjag sprengjer
   tilvers gjennom solblått gry,
sigler på breide vengjer
   i vårdagen, sval og ny.
Ho ser kvart eit liv i lavet,
   og skimtar dei løynde bol,
men langt uti vest ligg havet,
   og blånar i morgonsol.

Hangande, bratte urer,
   med vegville gangar i.
Fjellreven blodtyrst lurer,
   i bortgøymde, varme hi.
Haustull og morkna klauer
   og eirgrøne, gamle bein
ligg att etter drepne sauer,
som slagg kring ein offerstein.

Fuglar i kvite flokkar
   kjem susande, veng ved veng.
Steggen på rypa lokkar,
   der sylvgrå i snø ho gjeng.
Røyskatten mjå seg strekkjer
   der solblind og ør han glor,
og fár etter fjellmus rekkjer,
   med nasa i friske spor.

Jøklane dryp og tiklar,
   det rasar i stein og grus,
småbekkjer syng og siklar,
   og heimen går tung av sus.
Fjellet i flaumtungt velde
   vaknar i vårsol glødd:
her ligg di livsens kjelde,
   fjellbekk i fonna fødd.

                 *

Bregrøn i fyrste faret,
   vårvill i kåte sprang,
drivande kvit i skaret
   mot fjelldalen, myrk og trang.
Dansande ung du mot dalen rusar,
sprøytande skum over svadberg brusar,
   strålane driv.

Kampestor stein op av straumen skyter,
grøngule stryk over steinane bryter,
   ruskar og riv,
Skjelvande strå over barden lutar,
glitrande dogg over mosen sprutar,
   vaskar og fyk.
Bråvilt og villare fram du rasar,
sogstride straumen til skum seg krasar,
   fossar og ryk.
Strålane spelar i ville roket,
rivande stridt gjennom siste sloket
   kvervlane skyt,
rautande bulder og sugande ryt
   aukar til fossande dunder,
   stupet ligg hengebratt under.-

- - -

Fallande vatn i snøkvite flak
stuper til avgrunns med tordnande brak,
støyper seg tungt mot den dirrande ufs,
govet slær opatt i sprutande gufs,
slengjer seg blindt utfor springande stup,
ramlar i ras imot rykande djup,
buldrar i foss som ein kokande kjel,
vassrøyken driv over bergsvarte gjel.
Kvinande stormkast i drivande fok,
regnbogen leikar i glitrande rok,
heimen i trolldur skjelver.
Men solbrua skin
der ho spelande fin
fri seg i fossen kvelver. - -

- - -

Skræmd som ein hest under svidande slag
vidare stryk du i susande jag,
   gråkvite skumflak i bakevja flyt,
brennkrappe skavlar i djupålen bryt.
Enno eingong spring du styrelaus til,
slær over bardane, sanselaus vill,
enno eingong, før i drøymande kvild
stølsdalen opnar seg, vårgrøn og mild.

                         *

Du klukkar og lær som ein lystig gesell
   og slengjer deg sprettande galen:
For her kjem ein frikar frå villaste fjell,
   so no vert her liv nedi dalen!
Men sola er sterkare, ho, enn du trur,
   og so vert du trøytt, far, og dovnar,
og tek deg i brådjupe hyljar ein lur,
   og snur deg so godt før du sovnar.

Den vårsola skin gjennom lauvet på skrå,
   og klår ned i speglblanke brunnen
står himmelen blådjup med solskyer på,
   blandt stein på den sandkvite grunnen.
Og fjellauren tek seg i kulpen ei kvil,
   og likkar so smått med sin ugge,
til dess han vert skræmd og skjer av som ei pil,
   og kverv som ein jagande skugge.

På barden står dvergbjørka, gamal og grå,
   og drikk med dei sugande røter,
og roleg i fjellgras og saftige strå,
   går sauer og beitande krøter.
På steinen sit berrføtt ein gjætande svein,
   og skyggjer med sola for hatten,
og lagar seg fløytor av seljemjuk tein,
   med foten i strøymande vatten.

Det skymest so smått over fjella ikring,
   og dalen i vårkvelden drøymer,
der blåmyrk og djup i ein roleg sving
   du stilt framom stølen strøymer.
For no er du trøytt etter uro og jag,
   og lengtar dit lona kviler,
din veg var so villsam, og varm din dag,
   dei rennande, rastlause miler.

I glidande straum mot din os du sig,
   der natta i søvn deg roar,
og skuggane stilt gjennom dalen stig,
   det myrknar om myr og moar.
Og klagande sukk gjenom sevet går
   i susande, svale vindar.
men langt uti synsranda, kald og klår,
   står sundrivne, snøblå tindar.

Kjelde: Dikt i samling, Gyldendal Norsk Forlag, 1998, s. 125






Kommentarer