Furusjø

av Einar Asbjørn Olsen

Kva er det som gjer at hugen
til fjellet deg dreg med slik makt?
Er det vidda, sjøen eller skogen
det ikkje av meg vera sagt.

Er det stillhet og fred i sinnet
eller kjensla av nå er du fri?
Kanskje dagar som lever i minnet
det er ikkje godt å si.

Er det kvelder da gjengen var samla
til fest i eit lykkeleg lag?
Eller uvær da tora ramla
heile natta til gryandes dag?

Er det vinden som slit og riv
eller bårun som slær imot strand?
Kanskje skodda som sakte driv
så nesten du ser ikkje land?

Er det sol som tindene gyller
eller regn som mot ruta slær?
Er det lufta som lungene fyller
eller bua som er deg så kjær?

Eg trur at svaret må verta
med enkle og ærlige ord:
«Det var her eg miste mitt hjarta
til vakraste sted på jord.»




Kjelde: Dikt og prologer fra Sel, 1985, s. 103

Kommentarer