Haustbod

av Jan-Magnus Bruheim


Det bårar i den
kalde vind
eit bod um haust.
Det fyrste blad
på livsens tre
er rive laust.

Ein morgon har det
falle snø
på dine fjell.
Det er det andre
bod som går
um haust og kveld.

Ein einsleg båt
har isa ned
attmed eit naust.
Det tredje bodet
kjem til deg –
at det er haust.
Kjelde: Menneskehagen, Noregs Boklag, 1965, s. 41


Kommentarer