Heimkome

av Jan-Magnus Bruheim

Ein tidleg sundagsmorgon
med same sola spratt
då kom eg heim og helsa
på alt eg kjende att.

På grenda og på skogen
og fjella rundt ikring,
på stein og tun og tuve
og kvar ein liten ting.

Alt stod og baud velkomen
heim, ifrå mas og jag.
Og grenda låg med freden
i sine andletsdrag.

Og bekken sør i jordet
og elva brei og blid,
dei sa til rekarfanten:
Gjev deg no til ei tid.

Kva finn du uti verda
som ikkje vi kan gje?
Der er det mas og uro,
her er det livd og fred.

Og eg som rak så vide
laut sanne det dei sa.
No var eg berga heim att
og kjende meg så glad.

Kjelde: Om alle tre var like, Noregs Boklag, 1975, s 26

Kommentarer