I fjellbandet

av Trygve Bjørgo

Her strir dei om råderetten
fjell og li.
Fjellet ver seg med beiske vindar
vil vera fri.
Frøyser nedåt så mang ein runn
andar isdød med blåfrostmunn
imot livet.

Skogen slengjer ut blyge frø
som fell på steingrunn og skaresnø.
Tidast møter dei vinterkår.
Men frøa ber på ein kim av vår
som skal sigre.

Kjelde: Frø i vind, Gyldendal norsk forlag, 1968, s. 56

Kommentarer