I kveld

av Jan-Magnus Bruheim

I kveld ligg bygdi i vinterfrost
og drøymer ein draum um fred.
Det skimrar og brenn med stjernor
på stille, sovande tre.

Det skimrar og brenn i stjernor
på himmel og hei og mo.
Det er som vàkande augo
over liv som er gått til ro.

Her som du står og lyder
har andre menneske stått.
Tumla med same tankom,
lagt ned si bør – og gått.

Din hug skal stå upp i andre.
Etter deg kjem ein kveld
andre skal eige synet
av desse rolege fjell.

Ein annan skal stå i uro
under dei frosne tre,
og tenkje din tanke um liv og død
og drøyme din draum – um fred.

Kjelde: Dikt i utval, Skjåk kommune, 2014, s. 129

Kommentarer