Kinnmjuk

av Trygve Bjørgo

Gråe bergveggen
drøymer eg om
så tidt:

At han ikkje skulle vera
så hard å stø seg til

Kinnmjuk
skulle han vera
slik ei kinn kan vera
som er både fast
og mjuk

Kjelde: Kvit hest under hegg, Gyldendal norsk forlag, 1972, s. 32

Kommentarer