Kva var det?

av Jan-Magnus Bruheim

Han lokka og leita
før sola spratt,
etter ei ku
som låg borte i natt.

Han kakka på berget,
og det kakka att!

Kom heim att nå Dagros!
Å kyra mi!
Då svara det ein stad:
Å kyra mi!

Og guten skvatt
so han datt i koll.
Då skreik han, kom att -
kom att med ho Dagros
ditt stygge troll!
Han høyrde det svara:
Ditt stygge troll!

Kvar har du gjort av
mi ku?

Mi ku!
ropa det inne i berget.

Og det var vel trollet
som gav slike svar?

Kven var det som svara,
kven trur du det var?

Kjelde: Skrythøna og andre barnerim, J. W. Eides Forlag, 1956, s. 4

Kommentarer