Me flytter frå stølen

av Jakob Sande

Me flytter frå stølen med bøling og bu,
åt bygdi seg rekkjer den rautande ku,
   og smalen seg sankar i flokkar.
Fjordbalkken ruggar so breid og stor,
på klyvi sit Vesle-Brit, gjenta til mor,
   og hjalar på hjuringlokkar:

Kom kyri, kom kalven, kom stuten,
kom smale og geit uppi nuten!
Kom Gullros, kom Lokke og Rose,
kom heimatt i varmaste fjose!
   kom kyri, kom smalen
   åt dalen åt dalen,
   å kom!

Heidi sturer so mager og grå,
beisti hev gnege kvar blom og strå,
   -her er ikkje verande lenger.
I dalen feitaste håbøen gror,
raunen laver iår som ifjor,
   og burte er alt det som stengjer.

Kui rautar eit langt farvel,
ser ifrå leitet dei gamle sel,
   og takkar so varmt for i sumar.
Vesle-Brit lokkar i langelur,
huldra svarar i berg og ur,
   og haukar og syng so det ljomar:

Kom Bertel og Sjur burti nipa nord!
Hei, kristenfolket til bygda for!
No rår me åleine på sætervang,
kvelden er skum, og natti er lang--
   Hei Bertel og Sjur,
   kom fram i frå ur,
   til meg!

Kjelde: Jakob Sande: Dikt i samling, Gyldendal Norsk Forlag, 1998, s. 10

Kommentarer