Mot utsyn

av Jan-Magnus Bruheim

Alt ungt
trår imot høgder.
Tøyger seg upp mot ljoset.

Safter går gjenom vokstrane,
livet står aldri stille.

Spiror og renningar
bryt or den myrke moldi.
Grøne årsvokstrar
lyfter sitt rake ljos.

Høer og toppar og tindar
reiser seg upp mot himlen.
Augo lyfter oss mot dei,
hugen trår
upp frå lægdene,
upp imot vide utsyn
til vi kan femne
med auga og sinn
det store kringsjå
og bryte vår trongrømd.

Streve mot utsynsstaden
og stå
og veta at alt
er med i det store samspel.
Kjenne ein levande augneblenk
Allheimshjarta slå.

Kjelde: Ved kjelda, 1972, Noregs Boklag

Kommentarer