Nå løyser dagen taumane -

av Jan-Magnus Bruheim

Nå løyser dagen taumane
på gangaren sin
og jagar alle draumane
i skuggane inn.

Ein morgon gryr i tindane,
sol glør i skard.
I dalen reiser vindane
med natti som var.

Dagen med sitt harde ljos
av ustetta krav,
spøkjer med sitt varde-ljos
i millom gry og grav.

Det nakne livet strir seg fram
i bakke og bratt
og lengtar mot den draumtunge
skuggestille natt.

Der voggar alltid blomane
i sumarskymdi mild,
med draumen feller doman
um det som er til:

Aldri kann den vengelause
lyfte seg til flòg.
Men natti tender stjernone
som dagen aldri såg.
 
Kjelde: Dikt i utval, Skjåk kommune, 2014, s. 82 

Kommentarer