Røsslyng

av Einar Asbjørn Olsen

Som helsing frå såmår og sol
du klær deg i reinaste blått
du minnest da gauken gol -
enda ein høgsåmår gått.

Så stille upp du gror
um hausten du tittar fram
rundt vier og einkjørr du snor
rett ofte på bakkekam.

Som barneaugo du tindrar
i li og i bakkehell
og ingen som røsslyngen tindrar
når avskil du tek med ditt fjell.

Du er likaste blomen min du
så enkel du står i mi lei
du byggjer med bløming ei bru
til henne - den einaste ei!

Kjelde: Dikt og prologer fra Sel, 1985, s. 102

Kommentarer