Saknad

av Trygve Bjørgo

Åleine på stølen
ein haustkveld eg vankar.
Audt er det allstad,
og fjellstilla rår.
Hugen min hyser
så tungsame tankar;
men Vêrbrauta blenkjer,
og konrmoen brår.

Eg går inn i selet
og set meg ved glaset,
kjenner meg underleg
einsam på jord.
Kveld-dimt her inne. -
Ein røsslyng-fylt vase
manar fram minne,
så mange, om mor.

Der stod ho, ved gluggen,
og gløtta mot Skardet,
venta så vonfull
på heimfolk, på far.
Kaffikjel`n kokte
og sputta på baret
og brisken kring peisen
som nyfjelga var.

Ho stod bortpå stølsbakken,
kaua mot kollom,
så ljodlinn ei lokking,
så fjell-fjernt det bar.
Bjøll`kua rauta
på Vierdokk-vollom.
Døyvt, ifrå knattom
kom dvergemål-svar.

No står ho kje lenger
på Haugom og hullar
og lokkar i lengt
mod dei blå-dimme fjell. -
Ved åren sit ingen
og småsyng og sullar -
ell tryllar fram trolla
ein eventyrkveld.

Ho står kje ved størhuset,
kikar mot kollom,
lyder og lengtar
og stundar på far.
Det angar kje ein`lòg
frå brisk`-baka bollom.
På dørhellun saknar eg nybrote bar.

Og no er det lokkstilt
kring Rotvasstølbua.
Det rek ingen bøling
frå beitet i kveld.
Det er ingen som haukar
og kauar på kua.
Saknaden rår
over barndomens fjell.

Kjelde: Eg gjekk meg opp til seterli : -stølsliv i poesi og prosa, Den norske bokklubben, 1981, s. 125

Kommentarer