Skinande fjell

av Trygve Bjørgo

Ute på stupet mot dalen
stana eg trøytt og såg
attende mot Vardafjellet
som enno i kveldsol låg.

Fredeleg raudna det mot meg. –
Brått var det som Skaparens hand
slengde ein logande kyndel
over det snøkvite land.

Fjellet braga og gneista!
Glødd vart eg sjølv, og tend.
Det var som ei Himmeriks helsing
ned i mi sjel vart send:

Slik skal den gode gjerning
stå som eit skinande fjell
og lyse ein ferdamod vandrar
ned imot dal og kveld.

Kjelde: Vokstergrunn, Gyldendal Norsk Forlag, 1961, s. 24

Kommentarer