Solbrillene

av Jan-Magnus Bruheim

Eg rusla ut i skogen
ein varm og vårleg kveld,
med fuglesong og bekkjesus
og sol på alle fjell.

Der fann eg emne til eit vers
eg ville skrive ned.
Eg sette meg nedunder
eit kronglut furutre.

Solbrillene dei tok eg av
og la dei på ein stein,
med fuglar kvitra rundt ikring
og kveldsola skein.

Då eg gjekk heim att, fann eg ut
at eg var brillelaus.
Kva trur du ein skal gjera
med slik ein gløymslehaus?

Eg måtte gå attende.
Eg visste kvar dei låg.
Men burte er nok burte -
Det veit vel andre òg?

Og same kva eg leita,
eg fann dei ikkje att.
Men oppi furu var det liv
og skrål og skjoreskratt.

Og kliv eg oppi treet
om ein tre-vekers tid,
så kanskje finn eg eit reir
med brilleungar i?

Kjelde: Morgonglede, 1986, J. W. Eides forlag

Kommentarer