Som fuglefløyt

av Jan-Magnus Bruheim


Når eg er burte
skal eg koma til deg
som fuglefløyt
gjennom stille skogar.

I den milde brisen
som stryk deg
lint over håret
og fløyelsmjuk legg seg
imot di kinn
som stròk av usynlege,
varme hender.

Når dagen din
dimmest og grånar
og alt tykkjest meiningslaust,
vil eg vera i solstrålen
som bryt gjennom tunge skyer.

Når du går der åleine,
skal eg koma til deg
i viddesusen frå fjellet
i båreglitret
skjelvande over sjøen.

I nordljosnetter
og når du går under
djupblåe stjernehimlar,
skal eg vera hjå deg.

Når du går nedtyngd.
Når hjarta ditt
jublar av frygd.
I alt skal eg vera deg nær.

Du skal ikkje veta
at det er eg,
når du ser på den
doggskire blomen –
Medan du smiler
den smilen
eg ævleg har gøymt
i mitt hjarta.

Kjelde: Dikt i utval, Skjåk kommune, 2014, s 191

Kommentarer