Storskrytaren

av Jan-Magnus Bruheim

Det gjekk eit bod gjennom skogen
ein måneskinskveld:
Haren vil drikke opp elva
og lyfte eit fjell!

Og alle dyra som budde nære
og langvegs frå,
dei strøymde saman om harepusen
og ville sjå.

Kattugla sat der med kloke augo
utan eit ord.
Ho tenkte berre:"Eg tykkjer kjeften
er litt for stor."

"Høyr!" hukra haren, "eg tømmer elva
- om eg kjem til,
og lyfter fjellet med eine labben
- dersom eg vil.

Men eg har tenkt meg om, må de veta,
eg vil dykk vel:
Drakk eg opp elva, så ville de
tyrste beint i hel.

Og om eg lyfte bort dette fjellet,
som eg kan gjera,
så hadde de ingen stad
å vera!"

Då svara dyra:
"Det var vel omtenkte haretankar,
men gjer det lell!
For vi kan flytte til andre elvar
og andre fjell."

Han såg seg viktig til alle kantar
og rundt ikring:
"Ja, om eg vil, kan eg greie all ting
som ingen ting!"

"Så vil det då!" ropa alle saman,
"og gjer det fort!"
Då hoppa harepus ut or ringen
og rømde bort -.

Kjelde: Røyskatten og andre barnerim, Noregs Boklag, 1961, s 1

Kommentarer