Til dvergbjørka

av Trygve Bjørgo

Deg
Bétula nana
ærar eg.

Ikkje for utsjånaden din.

Du ris ikkje bratt og byrg
over berglendet.
Skodar deg ikkje furustolt ikring
og gleiner ned på hine.

Å nei!
Du held deg nedåt bakken
du.

Men du var den fyrste her
etter isbreen byrja å bråne.

Den fyrste busken
som stod
i råkalde motgufsen
frå den hópande breen.

Kjelde: Kvit hest under hegg, Gyldendal norsk forlag, 1972, s. 16

Kommentarer