Trygt fylgje

av Jan-Magnus Bruheim

Her oppe inni berg og urd
straks ovanfor den tolla
du ser, som rettar armar ut,
der bur dei fæla trolla.

Der har dei alltid halde til
så lenge eg kan minnast,
sjølv om det fleste ikkje trur
at noko slikt kan finnast.

Eg stabba tungt i snøen dit
ein gong då eg var liten.
Og bratt det var og langt å gå,
men spør om eg var sliten!

Mot himlen såg eg trolla stå
straks over skogabrynet.
Lell gjekk eg trygg og traska på
og ansa ikkje synet.

Du trur vel eg er modig? Nei,
det er eg mest med munnen!
Slik denne gongen og, men no
skal du veta grunnen:

For det som gjorde meg så trygg
skal eg slett ikkje dylgje,
det var den gode vissa, at
eg hadde far til fylgje.

Kjelde: Om alle tre var like... barnedikt, Noregs Boklag, 1975, s. 7

Kommentarer