Venen

av Trygve Bjørgo

Det var i fjellet at dette hende:
Var komen opp i eit ukjent lende:
Ættvill var eg og leia løynd.
Å natte ute vart kanskje røynd.

Or skodda komen, eg stod på tinden -
ein ukjend ein - og der herja vinden.
Han ula illsint og gav meg svolk.
Han er ein jutul mot fe og folk!

Han kvein og knurra så olm og vill
og ylte arg: At eg enn var til!
Og skodda kvervla. Eg lite såg
av vidd eg ana ikring meg låg.

Då fann eg naudhjelp på nakne tinden:
Ein livdehellar mot kvervelvinden.
Så sat eg, kvilte. Var lognt og stilt.
Der ute gaula det, rovdyrvilt.

Men lengre laut eg, for drye her
i slikt eit ofseleg angestvêr?
På våge drog eg i skodda ut.
Forlét min hellar ved ukjend nut.

Brått fann eg stigen, ein liten ein.
Han kom frå vona, som ærendsvein,
og baud seg fram i ein naudarbolk.
Den stigen leidde meg heim til folk.

Kjelde: Straumar under yta, Aschehoug, 1986, s. 52

Kommentarer