Den kvite hjorten

av Jan-Magnus Bruheim

Dei gjekk der saman og beitte
innover myr og mo,
den kvite hjorten og mor hans.
Ikring dei var fred og ro.

Bork gnog dei og beit av baret.
Dei nuppa i knupp og grein.
Lågt vest i Skorveskaret
den bleike haustsola skein.

I logande lauvfallslier
inne i rustene, der
i skuggane, lyste rimet
på mose og lyng og bær.

Dei lydde med lyfta hovud,
vàre for kvar ein ljod.
Vaktsame slutta dei beite -
Dørjande stille dei stod.

Var det vel noko som tusla?
Dei lydde og såg ikring.
Knast det ein kvist i skogen?
Nei, det var visst ingen ting.

Ungskogen gav gode beite.
Dei gnog borken og åt.
Alt var så stilt og fredsamt.
Då small brått eit børseskot!

Det som om lufta rivna!
Stilla vart støytt i knas.
Attljoden høyrdest frå berga
som om det gjekk eit ras.

Lurande fram utor skogen
kom dyret som gjekk på to.
Stavstill sto hjorten ein augneblenk
og kjende kor hjarta slo.

Unghjorten rømde i redsle
opp over bakke og bratt,
inn gjennom skard og skogar.
Men mora var liggjande att -

Han sprengde seg fram i vilske,
han skolv i hasar og kne.
Snart orka han ikkje meire
og måtte leggje seg ned.

Han vakna før morgonsola
glitra på rimkvitt strå,
og ropa og rauta på mora
som ingen stad var å sjå.

Så gjekk han lenge og leita,
men ingen svara på rop.
Han sakna mora, fordi dei alltid
hadde vore i hop.

No var han åleine i fjellet
og utan ro eller fred
gjekk han og leita etter
nokon å verme seg ved.


Dette er nokre vers av "Den kvite hjorten" 
Kjelde: Den kvite hjorten, Noregs Boklag, 1980, s.

Kommentarer