Over slettelandet

av Jan-Magnus Bruheim

Ikkje eit augnemerke.
Berre det endelause slettelandet,
det vikande synsleitet
med himmelen skålkvelvd over.

Åleine saman med alle
på vandring utover slettelandet.
Åleine -
og ingen stad å søkje ly
om uvèr brått skulle koma
og ljonblenk gneistre i sky.
Ingen stad gøymsle.
Ingen stad vera trygg.

Og sletta kvæver -

Å, hadde eg nokon ved sida!
Ei hand å halde i mi.
Einsam imillom alle
på vandring igjenom rom og tid.

Under den utbreidde sletta,
under den tyngjande himlen
i solskin og regn og vind
i skodde og stjernenetter
med berre mitt einsame hjarta
som dulpar og slær i stilla.

Å, gjev meg ein tind,
som eg kan lyfte
mitt andlet imot.


Kjelde: Aldri eldest tidi, Noregs Boklag, 1975, s.61

Kommentarer