Reinsbukken Kauto frå Kautokeino

av Jan-Magnus Bruheim

No skal du høyre om reinen
Kauto frå Kautokeino
som voks opp og sprang og leika
i lag med Matti og Aino.

Mora hans døydde. Men borna
og Kauto var alltid saman.
Dei sumde elvar. Dei leika gøymsle
og hadde moro og gaman.

Så var det ein vår at fleire
enn han vart selde og sende
og kom over fjella heilt til Skjåk.
Men Kauto lengta attende.

Aino og Matti syrgde
den dagen han reiste frå dei.
Sjøl trudde visst Kauto han alltid
skulle få vera hjå dei.

Han lengta til Mattis og Aino,
til nordljos og nattsol-netter,
og venta borna kvar einaste dag -
men dei kom aldri etter.

Der Kauto stod, såg det ut som
han stanga i himlen med horna.
Han ville fara i denne kveld
og koma heim att til borna.

No lura han seg or flokken
utan å spørje om lov.
Reinsflokken låg og kvilde,
og jamvel hundane sov!

Lenger og lenger bar det
frå flokken. Det gjekk i dilt.
Klauvane knuspra mot snøen,
men elles var allting stilt.

Så stod han på Dyringshøa
og såg over fjell og fly.
Langt uti leitet gjekk månen
og gøymde seg bak ei sky.

I Raudalen losna ei skride
og sopte med døn og dunder.
Han stana forstøkt i gufsen
og hadde så nær kome under.

Så rista han snøen or ragget
og sprang imot Oppnos-hø.
Det gjekk som ein vind ned i dalen
på måneblank skaresnø.

Han for over isen ved osen
med same morgonen grydde,
og dilta opp gjennom skogen.
Da knast det! Han stana og lydde...

Det var ein tømmerkøyrar.
Han hauka: "Eg trur du er galen!
Men tak med deg helsing til skyldfolket mitt
langt nord i Bardudalen!"

Oppover Heggebott-lia
bar det i luntetrav.
Eit ekorn keik fram og smatta
og spurde: "Kvar skal du av?"

Det stod att på greina og furta
fordi at han ikkje svara.
Men Kauto har ikkje tid til slikt
som har så langt å fara.

For Kauto skal langt nord i landet,
den vegen er ikkje stutt!
(Han skundar seg så han skal koma fram
før denne boka er slutt.)

Ein stad innpå Dovrefjellet
stana han opp - og stokk:
Beint framfor augo voks opp
så diger ein villrein-flokk.


Dette er nokre vers av "Reinsbukken Kauto frå Kautokeino"
Kjelde: Reinsbukken Kauto frå Kautokeino, Noregs Boklag, 1963, s. 4


Kommentarer