Alt er liv

av Jan-Magnus Bruheim

Uruggeleg står det, fjellet.
Skogane tøygjer
toppar mot stjernene.
Nattvinden talar.

Himmelen kvelver seg
over din barndom,
skyfri og blå.
Morgon med solsprett.
Dagar i annsemd og onn.

Blomane andar og lever.
Doggflyg mot natt.

Trufast har dagane fylgt deg.
Sumar og vinter
og haust og vår.
Alt bar dei med seg.
Alt er deg gjeve:
Myrkret og ljoset,
sorgi og gleda.

Trufast imot deg
har all ting vore.
Um hâmen kan skifte,
er alt det same.

Alt har du fått med.
Alt har fylgt deg.
Alt har fylt deg.
Alt er liv
og høyrer livet til.

Kjelde: Flo og fjøre, Noregs boklag, 1984, s. 66

Kommentarer