Sjohætta

av Vegard Vigerust

Ja, der ligg ho som før, Sjohætta!
Så fekk oss da sjå ho att!
Å, fyngje eg klive Sjohætta
um ho er ailder så bratt!
Men um oss nå ikkje kom upp dit lell
ænda kor hardt oss trådde,
kainn Sjohætta høve som eit symbol
på dæ i live oss ikkje nådde.

Sjohætta, Sjohætta, gavmild du æ
um eg vart att på veigje!
Der ligg du i såmå leie
med stein og vind og rein og bræ,
himilsyn over måsålænde,
nå æ oss kome attende!

Ja, der ligg ho som før, Sjohætta,
oss pæsa' og slit og kliv!
Oss bar på ein dråm om Sjohætta
som var ho vårt eige liv.
Men um oss nå likevæl nådde upp
og såg nedpå sjø og vidde,
kainn Sjohætta høve som eit symbol
på kor oss lengta og kleiv og stridde.

Sjohætta, Sjohætta, gavmild du æ
um eg vart att på veigje!
Der ligg du i såmå leie
med stein og vind og rein og bræ,
himilsyn over måsålende,
nå æ oss kome attende!

Kjelde: Fjellskrift, eige forlag, 2004, s. 8

Kommentarer