Hornelen

av Jakob Sande

Djevlesvart, vill som ein trollkatedral,
     sundriven, morkna og grå.
Havet marmar med sukk og skval,
hyler åt Satan ein kald koral,
     når nordvesten bryter på.

Nordljos logar i vetternott,
     over dei svarte glup.
Stilt gjennom natt susar vindharpeslått,
døyvt stig nåskrik og trollelått,
     upp frå dei døkke djup.

Djevlar dansar ved midnattsbel
     - munnharpa skjer og kvin,
Remjande skrattar og tussespel,
ljomar i notti til hanen gjel,
     og nordljos blakrar og skin.

Han sankast frå nord og frå aust og vest,
     trollpakk og seidemenn.
Her held dei sin heilegae jolefest,
der Judas er klokkar og Satan prest,
     med' nordljos blakrar og brenn.

Frå Svarte næter, Gyldendal, 1929

Kommentarer