Orion

av Aslaug Høydal

På himmelen ser du ein gasta gut,
han tøygjer seg ivi den høgaste nut.
Ein kjenneleg mann,
tri sjønnur i beltet det heve han.
Dei stend litt på skrå
og so er dei blå,
det kan du sjå.

Orion heiter den sjønnemann,
spring ut ein kveld so ser du han.
Han stend der i kjortel
so flott og fin,
medan sjønnune glitrar 
i stråleskin.

I februar ser du Orion best,
då dukkar han upp i sør eller vest.
Her kan du sjå han kvar einaste kveld
til han gøymer seg atter bak dine fjell.

Kjelde: Fint fylgje. Bånedikt og småsoger, Ansgar Forlag, 1988, s. 36

Kommentarer