Gygri

av Aslaug Høydal

Høgt upp i nuten ei hole så vid
ja mest som tri,
der sat ei gygger og huska så blid
å hei å hi.

I dag hev eg fenge ei visdomstann
ja så mi sann,
no skal eg lure dei menneskeban
så fort eg kan.

Og gygri ho flirde så nuten skrall
tra-la-la-lall,
så steinane rulla, braka og small
så kom ein trall.

Visaste gygri på langande veg
ja det er eg,
og her kan dei koma og prøve seg
ja prøve seg.

Og så lo ho på nytt så nuten sprakk
men akk og akk,
for steinane rulla og gygri datt
og kom kje att.

Frå urdi kom berre den røyken blå
å hei å hå,
og gygri var aldri meir å sjå
der etterpå.

Aslaug Høydal
Kjelde: Trippeskor, Dreyers Forlag, 1980, s 59



Kommentarer