I haugar og berg

av Aslaug Høydal

Det bykser so mangt uppi bergi blå,
det tuslar so stilt nedi haugan grå.
Det smattar og kikar i sprekkin små,
det klukkar i fossan langs Gjevarå.

Det bykser og tuslar og er slik styr,
det hugar, det lokkar på tussekyr.
Det fetar og tassar, kruslar og kryr,
det lever i åsan rundt Storemyr.

Det ropar frå Ramås ein tussegut:
Eg vil ut, eg vil ut frå den mørke nut,
for eg hev fengje slik hjartesut.
Ei jente som smatt
millom holt og kratt
ei tussegrå natt
og kom ikkje att.

Det sukkar og klagar i bergi blå,
det tuslar og taslar i haugan grå.
Det smett og kikar i sprekkin små,
men fagerjenta fær ingen sjå.

Kjelde: Me skal ikkje skjøne alt, Seljord sogelags skriftserie nr. 3, 1995, s. 7

Kommentarer