Nyårskveld

av Aslaug Høydal

Det bivrar so fint bak ruta
ein tåreblank nyårskveld.
Den seinste dagen i året
hev gøymt seg bak mine fjell.

I stogo so logn ved gruva
sit huslyden samla til ro.
I bringa rår von og venting
for det som skal hende no.

Eit vonfullt år er på vegen,
ein ungdom so lett og fri.
Han susar fram gjenom rømdi
og svingar med fana si.

Ein ungdom med fred i hugen
ein sjønneklår vinterkveld.
Godt nyår til heile verdi,
han helsar frå høge fjell.

Det svarar frå mange munnar
eit stort og jublande kor.
I nott når nyåret vaknar,
me helsar med fred på jord.

Kjelde: Fint fylgje. Bånedikt og småsoger, Ansgar Forlag, 1988, s. 41

Kommentarer