Solbøn

Kom med liv og lange dagar,
liv for lund og logne ås,
liv for eng og skog og hagar,
herlege gud Helios!
Høgtid gild me då deg lagar,
herlege gud Helios!

Kom  med glans um tun og tindar,
solgull skirt på sjø og foss,
sus av milde sunnanvindar,
herlege gud Helios!
Bløming rid på rygg og rindar,
herlege gud Helios!

Kom med vår og solrik sùmar,
fugledans i krok og kross,
kvitring, bræking, bjølle-omar,
herlege gud Helios!
Leik og låt og linne ljomar,
herlege gud Helios!

Kom med liv og lange dagar,
liv for lund og fjell og foss;
høgtid gild me då deg lagar,
herlege gud Helios,
helg for deg i hòv og hagar,
herlege gud Helios!

Kjelde: Verk 7, Aschehoug1980, s 298.

Kommentarer