Åleine

av Jan-Magnus Bruheim

Når det blir kvelden seine
og alt er stilt ikring,
sit eg her mo åleine
og tenkjer ingen ting.

Kring huset går og puslar
ein vák og heimlaus vind.
Han ruskar litt i døra
og bankar og vil inn.

Så sit eg her og høyrer
kor klokka tikkar tid.
Eg er så reint åleine
og verda er så vid -

Då ser eg gjenom glaset
ut over heimegrend
som mot ein stjernehimmel
der ljosa brenn og brenn.

Der bur det folk eg kjenner
og folk som kjenner meg.
Her sit eg glad og tenkjer
på dei – og så på deg!

Eg er ikkje åleine.
Jamvel bak fjella blå
bur kjende og ukjende
som eg sit og tenkjer på.

Kjelde: Syskenringen og andre barnedikt, Noregs Boklag 1972

Kommentarer