Fjøre og flo

av Jan-Magnus Bruheim

Det sit ein i tunge tankar –
Sol sig bak fjell.
Så kjem det tome myrkret
og sjøen fell.

Etter ei stund i stengsla,
opnar ljoset si dør.
Han kjenner seg atter breddfull
og sjøen flør.

Kjelde: Dikt i utval, Skjåk kommune, 2014

Kommentarer