Forfattarar

Forfattarar frå Dovre

Ragnar Solberg (1898 - 1967) vart fødd på Fokstua på Dovre, der han levde så godt som heile livet. Han utga fleire diktsamlingar både på riksmål og på Dovremål. I tillegg var han ein aktiv skribent.  I eit kraftig og fargerikt språk gjev han oss bilete frå høgfjellet, skildrar bygdefolk, vegbyggjarar og turistar, gjerne med humoristiske innslag, men gjev også innsyn i opplevingar frå barndomen og sjelelege konfliktar frå vaksenlivet. 

Forfattarar frå Lesja

Forfattarar frå Lom

Olav Aukrust (1883-1929) rakk å gje ut to diktsamlingar, Himmelvarden og Hamar i hellom, før han døydde berre 46 år gammal. Diktsamlingane Solrenning og Norske terningar og artikkel- og brevsamlinga Skaldespor kom ut etter at han gjekk bort. Han er av mange sett på som ein av dei store lyrikarane i Norge, og fleire av dikta hans har fortsatt stor gjennomslagskraft blant lesarane. Aukrust var omstridt mens han levde og såg på seg sjølv meir som ein skald enn ein diktar. Han har eit rikt ordforråd og brukar ofte lomsdialekta i diktinga si. 




-). Bitre opplevingar i barneåra forklarar Tor Jonsson sin sterke oposisjon til kulturelle og sosiale tilhøve i bondesamfunnet. Han tok i bruk penn og papir i kampen for å skape eit betre samfunn. Den andre grunnen til å skrive, var den fortærande einsemda som gjorde han tidleg suicidal og på mange måtar udugeleg i dagleglivet.Han utga diktsamlingane Mogning i mørkret, Berg ved blått vatn og Jarnnetter, artikkelsamlinga Nesler og einaktaren Siste stikk. Ved sin død stod Jonsson som ein av våre mest lovande diktarar. Posthumt utkom Nesler II og diktsamlinga Ei dagbok for mitt hjarte. Dikt i samling kom 1956.



Forfattarar frå Sel



Forfattarar frå Skjåk

Olav Øygard (1885 - 1960) var einebarn og overtok etter kvart heimgarden Grimstadøygard. Han var ein ivrig skribent som alltid nytta sitt sjølvlærde landsmål. Han var ein farleg polemikar, sylkvass i logikken og treffsikker i replikken. Han kom tidleg med i styre og stell i bygda. I 1922 vart han ordførar for fyrste gong og sat til 1925, andre gongen frå 1929-1931. Ved fleire høve hadde han vist at han kunne skrive framifrå dikt, lette og leikande i rim og rytme. Ein del av dikta fann vegen til tidsskrift og aviser, og diktet ”Onn” fanst att i songbøkene. I 2010 var det 50 år sidan Olav Øygard døydde, og Skjåk kommune markerte dette ved å gje ut diktsamlinga ”Vårsong” som inneheld eit breitt utval av dikta.




 Tore  Ørjasæter (1886-1968) debuterte som forfattar i 1908 og gav ut i alt 12 diktsamlingar, fire drama, ein roman og to reiseskildringar. Det var med trilogien "Gudbrand Langleite" at Ørjasæter verkeleg fekk påskjønning som forfattar, denne er rekna som eit av hovudverka i norsk dikting på 1900-talet. Han skreiv også drama og var med på å fornye norsk teater. Det meste av diktinga  har bakgrunn i det gamle ættesamfunnet, som på slutten av 1800-tallet var i oppløysing. Eit av skodespela Ørjasæter skreiv, "Jo Gjende", omhandlar ein bygdeoriginal - eit menneske mange hevdar Ørjasæter kjende seg i slekt med på mange måter - og ei historie som omhandlar Ørjasæter sitt eige forhold til bygda og ætta.



Aslaug Høydal (1916 - 2007) fødd på Anåskosi i Langlim kor ho òg hadde  oppveksten sin. Ho kom til Skjåk i 1971 og vart tilsett som adjunkt ved Nordberg skule. Kunnskapsrik og sikker på rett og gale ville ho vera formidlar, ause av eiga kjelde, få fram bodskapen sin. Ho var tydeleg og engasjert i sine standpunkt - til tider så oppsiktsvekkande at det storma. I virket som lærar evna ho å sjå det unike i barna, ho ynskte å få fram det beste i den einskilde. Ho ga ut 50 romanar, barnebøker og diktsamlingar på 50 år. Den fyrste boka Born og bøling (1950) er ei barnebok med sjøvbiografiske trekk. Diktsamlinga Alt som ventar (1973)  inneheld fleire fine dikt om fjell.




Jan-Magnus Bruheim (1914 - 1988) vart ein av dei fremste lyrikarane her i landet; han skreiv òg for barn, både dikt og forteljingar, og han vart ein kjend og kjær opplesar av eigne ting i radio og for skuleklasser kring i landet. Han gav ut 18 diktsamlingar. Den siste kom 1987. Titlane på samlingane fortel mykje om innhaldet, som til dømes Yta og djupe (1945), På skålvekti (1947) og Ord gjenom larm (1954).
Sentralt hos Bruheim står striden mellom det vonde og det gode, mellom mørkret og ljoset. Han er ofte tunglynd, men kan òg vera glitrande glad. Heimbygda er ein stø grunnmur under diktinga hans, men innhaldet er stadlaust og tidlaust. Han sameinar bygda og verda. Han vart heidra med Doblougprisen, Sunnmørsprisen og Kulturprisen for Gudbrandsdalen. Ei tid var han medlem av Det litterære Råd i Den norske Forfatterforening.


Forfattarar frå Vågå