Ord om fjell

"Ord om fjell - ei digital fjellvandring" er eit prosjekt som vart starta opp av dei 6 biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen i samarbeid med Oppland fylkesbibliotek i 2010. Her samlar vi dikt som er relaterte til Nasjonalparkriket og til fjell generelt. Der det er gjeve samtykke om publisering på nettet, legg vi ut dikta i fulltekstversjon. Nokre av dikta blir innlesne og lagt ut som Mp3-filer på hovudbloggen. Prosjektet er støtta av Regionrådet for Nord-Gudbrandsdalen og Oppland fylkesbibliotek.