Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2014

Vårdag

av Arne Garborg Å nei, for himil rein og klår! Å sæle meg, no er det vår! No spelar liv um land og strand: å sæle meg, at upp eg vann! Å nei, for dag vår Herre gav! So skirt um fjell, so svalt i hav! So linn ei luft, so høg um haug! Og dette sæle solskinslaug! Å nei, eg høyrer lerka slå upp under bleike himilblå; mot kvelv ho stig med songen sin; snart når ho visst i himlen inn. Sjå måken ror frå klåre nut i stille tak mot havet ut; og fugl det kvitrar, kved og syng i tun og tre, i lind og lyng. Og å, som soli lognar trygg som varmeflaum um barm og rygg! Og gjennom all den milde dag det mjuke, salte havsens drag! Det brydder strå, det sveller knupp, og sevja stig i treet upp; ein dåm det vaknar søt og tung... Å sæle meg som er so ung! Kjelde: Arne Garborgs beste, Det Norske Samlaget, 1992, s. 19

Mot Soleglad

av Arne Garborg Frå Haugtussa, 1895. Det stig av Hav eit Alveland          med Tind og Mo; det kviler klaart mot Himmelrand          i kveldblaa Ro. Eg saag det tidt som sveipt i Eim          bak Havdis graa; det er ein huld, ein heilag Heim,          me ei kan naa. Ho søv, den fine Tinderad           i Draume-Bann; men so ei Stund ved Soleglad          ho kjem i Brand. Naar Dagen sig som Eld og Blod          i Blaae-Myr, det logar upp med Glim og Glo          og Æventyr. Det brenn i Bræ og skjelv og skin          med gyllne Bragd, og Lufti glør' i Glans av Vin,          Sylv og Smaragd. Men av han døyr, den bleike Brand,          som slokna Glo, og klaart som fyrr ligg Alveland   ...

Hjemkomst

av Herman Wildenvey Fager er lien, sa Gunnar, han stod færdig til flugt fra sit land. Og bane ham vented, hvis ei han forlod hjemlandets elskede strand. Men tankerne kom. Og med storm det ham tog: "Å nei, hvor det blåner af skog over skog!"         Og så vendte han hesten         den fredløse mand. Fager er lien, det går over jord, lyder i alle land. Fager er lien blir også mit ord, det sidste, som nævne jeg kan. Hvad blåner mer herligt med skog over skog? Jeg så det så grant da på udfærd jeg drog.         Og jeg mindedes Gunnar,         som fredløs fòr... Fager er lien, det hvisked hver kveld, mens fremmed derude jeg gik. Fager er lien, det steg til et væld af stormende deilig musik. Og tusindgang` lød det på sollandets sprog: "Vi hilser fra Norge med snefjeld og våg!"         Og glad so...