Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2011

Eit stort tre

av Jan-Magnus Bruheim Langt nordmed Liavatnet står det så stort eit tre. Ikkje ein mann i verda kan makte å hogge det ned. Om sju hundrad småborn gjekk i ein ring, dei greidde så vidt å nå i kring. Når brisen rører ved baret blir det ein mektig sus. Konglene raslar og ringlar, store som hundehus. På botnen av barnål-klufta fuglane byggjer og bur. Med ungane blir tretti tusen - eller det talet du trur. Eg stod der forundra og lydde - det var visst i fjor ein gong - og høyrde at alle fuglane kvitra, det var som om treet song! Greinene sopar himlen når det er nordanvind så skyene jagar som skræmde troll mot Jotunheimane inn. Det står der og fingrar med stjernor når himlen er nattdjup og klår, og fangar stjernskot i lause lufta og festar dei i sitt hår. Og det er det store treet - så veldigt og tungt eit tre at skuggen som eingong fall ned knuste ein titonns lastebil til ti tusen leiketybilar og femti lass pinneved. Kjelde: Hornsmeden og andre ba...

Bergteki

av Jan-Magnus Bruheim Langt nord i fjellom, i månskinsnet, sat det ein eldgamal fusse og let. Han sat der og hildra den bleike dverg og trolla ungmøy i band og berg. - - Der sat ho innstengd, med gull ikring. Alt var som utbleikte, gamle ting. Ho sjøl var utblømd. Ungdomen sveik. Togni var hard. Og dagen bleik. Gullrike var ikkje lukkeland -. Ho stunda etter ei barnehand. Eit levande lite som ropa mor. Men einsemdi gaper så stum og stor. Ho kan ikkje føde ei levande von, for gulle evnar kje avle bon. Ei morssjel ligg bundi i hold og hug. Det regnar så stilt ned i lauvfallskog -. Med regndropan klaska og haustvind let, sat ho åleine i lange net. Ungmøyan hildrast når trollmann læt. Dei høyrer kje hikste frå henne som græt. Dei ser berre gullskin og glimestein. Og månen som spelar i sylvslørd grein. Fjellveggen går upp, og tek dei inn. Rikdomen frøyser med steinmann-sinn. Der må dei lengte ei levetid. - Einsleg blæs lauvsblad i haustbrun ild. - ...

Mjuk er myrulli – – –

av Jan-Magnus Bruheim Glad er fljugande ferdafuglen på heime-veg. Enda gladar er tanken min som finn til deg. Varm er stråla som soli sprænar mot aur og urd. Varmar enda er augnekaste frå unge brur. Mild er vindtonen der han tiskar i lauv og lyng. Enda mildar er voggesullen som mori syng. Mjuk er myrulli nordi morkom – ho står så stur, som stille, gråtande hjartesorgi til sviki brur. –  – – Mjuk er myrulli nordpå myrom, ho dubbar bljug –. Mjukar enn alt er kjærleikslengten i mannahug. Kjelde: Stengd dør , H. Aschehoug & Co., 1941, s. 13

Skal hilse fra fjellet

av Jon Østeng Hov Skal hilse fra fjellet jeg kommer med bud; det lyste så herlig der inne. På floene vogga myrduna brud, mens viddene lekte så linne. Det let i kvar busk, det var slikt et kor, og sang til mitt øre seg søkte. Og rypa, min elskede, møtte mitt spor, hvor sti langs med bekken seg krøkte. Det glitret i stryket, det blinket i vak, og gleden i brystet mitt bruste. Over aurete botn storfisken rak, mens fjellbrisen vasskorpa kruste. Værhardt sto fjellbjørka, vindvridd og låg, mens nevera trivelig smilte. Og under dens lauvheng med glede jeg såg, at villreinen stille seg kvilte. Skal hilse fra fjellet - det evige land, hvor moskus og jerven har bolig. Min lengsel dit inn er blitt som en brann. Kun der får jeg fred og blir rolig. Kjelde: Øyeblikk i naturen, Adressavisens forlag, 1990, s. 51

Vestan um fjell

av Tore Ørjasæter Då Gudbrand han fylgde far over fjell, so fekk han sjå fjorden ein vårfin kveld. Det syne han kann ikkje gløyme. Og eimbåtar skar i den blanke sjo. Då song i hugen ein herleg ljod; det var som han skulde drøyme. Det var kje so fælande lang veg hell: Ein dag åt sætri, den andre på fjell, så fekk han sjå storhave båre langt ut med dynning og djupblått blek. Då guten kjenner det syng som eit vek i sjæli med klang-skjelv og klåre. Ja, vestanfor fjelle det vide hav speglar heile himilen av med endelaus reinleik og røme. Og dette bilæte liksom ein blom i hugen hans med sin heilagdom kvar våren fær ange og bløme. Kjelde: Gudbrand Langleite, Olaf Norlis Forlag, 1966, s. 28

Haust-raut

av Tore Ørjasæter Langleit-Solveig      er so hugilt og kjenslekløkk,      det går gjennom hennne ein haustar-gjem      av nokon som andar so stilt og kjem      forutan fotslag mot henne. Dagros, Dagros      dreg seg so tungt no siste hausten      som ho skal bera bjølla på støl.      No blir ho rett gamal bjøllkui sjøl      og so skal ho heim til haustslakt. Haust-raut, haust-raut      ômar so audt inn i eisleg fjelldal.      Det susar i audni so tungt og tomt.      No seinhaustes blir det so tidleg skumt,      og snø-kast kjem ned nordi fjellom. Haustklår hugkløkk!      Solveig tykkjest å sjå sin lagnad;      bleiknar ho brått og blir hjartesår:      "Ved dette l...

Fee slepp ut

av Tore Ørjasæter Det er um morgo'n den heilage himilferds dag. Skyene driv med det vårfriske aust-yrjudrag.       Solopne dalen i dagning. Solveig og Sigrid som snøggast åt fenadfjos spring. Kubjølla skranglar, det ringlar i jønnband og ring.      No slepp nok buskap av båsen! Gunnar han går der so nøgd inni småkrytyrfjos, kjeklar med kjedungom både med rangord og ros,      leikar med godmølte læte. Ungfée losnar med gauling; då dei bråspring og sprett. Bjøllkui gamal flyg etter, men skjanglar og dett;      beini er støle og stive. Spranggås og Svangros dei renner så kåte ikring, gaular og spøner med stanging og styggvorne sting.      Buskapen kjenner seg utløyst! Bølingen blidkast og rutlar på betiting i ro. Bjøllklangen ljomar i kvelden med linnvoren ljod.      Soli ho sig ned og sloknar. Kvelvingen kviler so klårt imot fjellblåe tind....

Det er stilt

av Olav Øygard Det er stilt på sætervangen medan natti myrk sig på. Einsleg lyt eg kringum sviva, ingenstad er liv å sjå. Det er stilt i alle åsar, no dei søv båd' folk og fe. Berre eg må gå og driva, berre eg er utan fred. Det er stilt, og gjenom lidi lyder korkje song ell' ljom. Eg som tenkte du skuld' koma ung og glad som fyrr du kom. Det er stilt, men stjerneauga det er like blidt som då. Tru det skal ei helsing bera frå den ven eg ei kan nå? Kjelde: Utgjeve posthumt i  Vårsong. Dikt i utval , Skjåk kommune, 2010, s. 29

Blomen

av Olav Øygard Den unge blom i dalen sprang innunder svarte fjell, der soli lyste dagen lang og våren kom ut med fuglesang og eventyr um kveld. Og blomen veks sitt rike liv i milde solskinnsdrag og voggar lett med' draumar sviv, og vårvind gjennom kruna driv i unge ljose dag.- Men dalen låg der høgt mot nord, frå fjellet snøen skein. Og fyrr ein visste av eit ord ei uversrid i dalen for og skok i nakne grein. Og blomen ligg der brotna no, hans unge draumeliv det var for veikt, og frost og snjo enn døyver det som fram vil gro og legg all jordi stiv. Da våren so for ålvor kom med rette glans og glod, og vollen låg med blom i blom, då var det tomt det vesle rom der blomen ein gong stod. Det tungsamt er; men tidt me ser at livet soleis døyr. Det ovrar seg, mot soli lær; men so ei frostnatt ned det slær som brotne strå og røyr. ovrar seg: koma fram, syne seg Kjelde: Vårsong: dikt i utval, Skjåk kommune, 2010, s. 33

Ågots fjeldsang

av Henrik Anker Bjerregaard Sola går bak Åse ne Skuggan bli så langje. Notta kjem snart atteve, tæke meg ti Fangje. Krytran uti Kvien står: eg åt Sæter-stuli går. Myrkt de æ ti kvar ei Bygd, ti de djupe Dale; her på Fjeld ha Sola drygd me å gå tå Gare, test eg kvile onde Tak; Morgå æ ho tile vak. Snart eg æ no klar i Kvæld, så går e te Kvile, søv så roleg onde Feld test i Morgå tile; når eg da ha somna in, drøjme eg om Guten min. Kjelde: Fjell i ord og bilde, Samlaget, 1995, s. 76

Fjellsang

av Bjørnstjerne Bjørnson Når du vil på fjellesti og skal nisten snøre, legg så ikke mere i enn du lett kan føre! Dra ei med deg dalens tvang i de grønne lider, skyll den i en freidig sang ned ad fjellets sider! Fugler hilser deg fra gren bygdesnakket viger, luften biver mere ren, høyere du stiger. Fyll ditt glade bryst og syng, og små barneminner nikke vil blant busk og lyng frem med røde kinner. Stanser, lytter du en gang, vil du få å høre ensomhetens store sang bruse til ditt øre. Straks en fjellbekk risler kvikt, straks en småsten ruller, føres hit din glemte plikt med en verdens bulder. Bev, men be, du bange sjel, mellom dine minner! Gakk så frem: den bedre del du på toppen finner. Der, som før, går Jesus Krist med Elias, Moses; ser du dem, skal ganske visst farten evig roses. Kjelde: Fjell i ord og bilde, Samlaget, 1995, s. 60

Dei gamle Fjelli

av Ivar Aasen 1. Dei gamle Fjell i Syningom er altid eins at sjaa, med same gamle Bryningom og same Toppom paa I Bygdom byggja Sveinarne, og Huset stender laust; men dei gamle Merkesteinarne dei standa like traust. 2. På Fjellom er det leikande at ganga til og fraa og kring um Toppen reikande so vidt um Land at sjaa: til Havet kring um Strenderna med Skip som Fuglar smaa, og til Fjelli kring um Grenderna med tusund Bakkar blaa. 3. Der er so mange Hendingar i Bygdom komne til; me sjaa so mange Vendingar alt paa eit litet Bil. Dei hava snutt um Vollarne og flutt og rudt og bygt; men dei gode gamle Kollarne dei standa lika trygt. 4. So stod dei gjenom Tiderna vel mange tusund Aar; og Graset voks um Liderna, og Lauvet kom kvar Vaar; og Vinden tok um Topparne og Vatnet tok um Fot; men dei gilde gamle Kropparne dei toko traust i mot. 5. Av Hav kom Sjomann sigande og lengtad' etter Land. daa saag han Fjelli stigande og kjendest ved si Strand. Daa ...

Erlands Ode til Jutulsbierget

- eit utdrag "Saa sang og du , min Ragnhild, for mig før, Naar i min Arm paa dette Bjerg du hvilte, Og Jutul lytted ved sin Dør At se, hvordan Naturens Datter smilte. O kjære Bjerg, o lykkelige Dage! Mon I ei komme mer, mon aldrig mer tilbage? Jeg ser dig, og min Sjæl omfavner dig, Iblant disse Buske, hvor vi fordum vanked, Hvor Ragnhild, du saa tit med mig Paa purpurklædte Jord den sure Tyting sanked; Der irrer du og sukker, græder, haaber, Og "Erland", "Erland" med afmægtig Stæmme raaber." Edvard Storm Kjelde: Døla-viser, Dølaringen, 1994, s. 62 Prenta fyrste gong i "Atskilligt paa Vers" av Erland Siverssen (pseudonym for Edvard Storm)

Førkja aat Guté

Kæm æ nå dæ, som rutla Ve Sæter-Dør? Aa æ dæ du, som tutla Ve Glase før; Saa kom inn, Guten min! Aa trevle de fram aat Sjeillé, Dær ligg e óndé Feillé. 'O Mór gjekk heim aat Garé Før Mjolke-Ti, Ho bli full' ne i Dalé Ei litól Ri: Ligg sjaa me. Hær ti fre, Tess Sólé bydja aa reinne, Da kjøm 'o Mor atænde. Aa gje ho vilde tryte Te Dugur-Mót! Aa gje oss kunna yte Mæ Hand aa Fót Ótta graa Ne-att, saa At Dagen inkje skull sprætte Før oss taa Lyst vø mætte. Dæ vilde leinger drygje Heill Jutuls Liv; Aa mæ blaa' Bærge-Flyé Mot Vind staar stiv, Vø e dinn, Aa du minn, Aa inkje meire paa Jóra Heill e aa du min Ola. Ti Fangjé din' e gjøymé Æill Hugsótt mi, Aa óndé Ryun gløymé Dæ som e li Taa 'n Mór, Taa 'om Bror, Som ampre æ nókk te vilja Eit sjónslé Par sónd-skjilja. Oss vilja inkje syte, Min vene Gut! Men traatte dæ oss lyte, Dæ fæ full' Slut. Ser e de Riom-te, Saa har e Mo nókk te bæra, Kaa Jongen dæ ska væra. ...

Gråmosen

av Aslaug Høydal Gråmosen kler bergi og steinane. Hans oppgåve dette å sjå alt i grått. No er det ingen som ser den raude jaspisen under, eller dropar av krystall. Korund, kvarts og syenitt, agat, ametyst og malakitt, gøymde er dei alle. Berre gråstein, seier dei mange og trør agelaust i urdene. Kjelde: Alt som ventar, Ansgar, 1973, s. 55