Innlegg

Viser innlegg fra april, 2011

Heimreise fraa Sætern

av Edvard Storm Oss ha gjórt kaa gjærast skulle, Ysta Óst aa kjinna Smør, Naa staar att aa kløvja Øykjin, Sætja Laas for Sæter-Dør. Kórkjé finst dæ meire Føe Hær for Heié heill for Krist', Gla' æ oss, oss slæpp aat Bygden, Meire gla æ Kué vist. Farvæl Kve, som ofte gjórde Bloutast Blómster-Seing 'pum me, Ner e trøytt ve Høgst-Dags Leité Ljøp aa sløingde me paa de; Farvæl Sæl! mi kjære Stugu, Som saa mangt mitt Arbei saag! Montru du ou mærte nogo, Ner Stakæillæin sjaa me laag. Farvæl Mark, som Fænein gnaagaa, Dær e gjætte mang ein Gong; Farvæl Skóg, som ofte ljóma Taa min Lu' aa Stut aa Song! Farvæl Hulder, som dær budde! Fløt naa du ti Sæle inn; Vinters Ti æ ilt aa liggje Ute baa' for Vær aa Vind. Kom naa alt hær finst te Sætra, Kom aa følg aat Bygden ne! Heile Jóre æ naa ryugt, Kaart eit Straa høyr' Fæna te; Skónd' døkk, Folkjé vænta heime, Bufor-Læfsa vill døm haa: Hær æ inkje meire gjæra; Folk aa Fæna, læt oss gaa! Kj...

Sæter-Reise

av Edvard Storm Markjé grønast, Sjógen braana, fjeill bli bært, aa Louve sprætt, Muri-Nykjyl staar i Dalom, Kué se fæ eta mætt, Alt som livi bydja kræka, Bjønn'n kjøm taa Hié fram, Utu Fjósé spring fornøygde Ku aa Kalv aa Sau aa Lamb. Æille Fugle læt se høyre, Tiur sit paa Furu-Kvist, Kaar som kjeinné att sin Maakaa Syng mæ Hógna: Takk for sist! Blanda Song ti Fjeillé ljóma, Gouk aa Røy aa Jærp aa Trost Kappast um kæm bæst keinn rópe Gleé ut for slutta Frost. Sólé skjin paa Aaker-Reinom, Tælein rætt-naa burte æ, Ølen æ ti Være komin, Plóg aa Horv lyt laagaast te; Guten velé um Hafeillun, Eingjé ska ou røjast naa, Dæ betyé for Budeiun: Bøling ska te Sæters gaa. Komé Fæna, komé følgjé, Kom Gull-dropple, kom Spe-lin! Kjyra, Kalve! Døkk e føre Vill ti Sæter-Kveé inn; Utta Faré ska oss læva, Busveinn heild oss fri for Bjøinn, Kaa hæinn inkje honom frykta, Frykta hæinn Budeias Høinn. Feite Grase ska døkk eta, Drikke klaare Kjøilda te, Kaar ein Dag ...

Mold

av Ragnvald Skrede Den milelange åsen av stum kald stein ber eit tynt lag av mold Livna or den mold har granskogar susa og bregbrurer svaga Livna or denne mold har kvinner fødd born og menn gått i krig Smuldra i all denne mold kviler ætt over ætt under ungdoms leik Menneske blir mold medan stein er stein Berget er og var Om all mold blæs av berget vil berget skapa ny mold Berget var og blir Den milelange åsen av stum stein drøymer og skapar mold Kjelde: Lauvfall, Aschehoug, 1969, s. 14

Bøn i berg

av Ragnvald Skrede Stakkaren stunde i brattast berg: Gje meg ei hand! Han svimra, han fraus i sin inste merg: Hjelp meg du som kan! Kvi kleiv du opp i så farleg fjell? Gje meg ei hand! Du klagar, men sjølv har du skulda lel. Hjelp meg du som kan! E g skal få hjelpe deg, kjære bror – her er mi hand. Ja, livet er flokut og faren stor. Hjelp oss den som kan! Kjelde: Den kvite fuglen , H. Aschehoug & Co. 1955, s. 55

Steinen på stupet

av Ragnvald Skrede Boren av skridande bre, lagd på ein tind, endeleg løyst or lega og send som i susande vind, men stansa på nytt av meinslege makter – slik ligg steinen på stupet. Kviler i ladd ro i tusenår, duvar i drøymt framsviv, dirrar i minnet om avlaus-tan. Så bikkar, så losnar det ein sundagsmorgon. Fjellet kastar med nakken, set i eit skingrande hanegal. I ei stutt, men veldig stund er draumane røynd: Slik fart f i n s t! Bleike står vi og skjelv i krutrøyk: Har du sett slikt flog over fonn? Har du høyrt slik sukk eller kjent slik fred? –  – – Boren av skridande bre . . . . Kjelde: Den kvite fuglen , H. Aschehoug & Co., 1955, s. 22

På tinden

av Ragnvald Skrede - Det smell som skot når vinden gufsar om høgan tind; det er så kaldt på tinden, så isande kald ein vind. Kva vonar du her å vinne? Fylg meg i dalen ned! Korleis k a n du få or minne vår lykke, vår heimefred? - Tal ikkje som ein dåre! Eg ser så vidt om land, eg har gløymt bygd og åre. Du er kvinne, eg er mann. Kjelde: Bak dei siste blånar, Aschehoug, 1961, s. 48

Til fjells

av Olav Øygard No når soli i dalarne verma ifrå tidleg um morgon til kvelds, då det best er å skreppa si leggja uppå ryggen og fara til fjells. Lat oss upp or dei solheite dalar, lat oss gå yver heider og nut. Der som fjellvinden panna di svalar, skal me sitja og kvila oss ut. Og når uppe på høgdi med stender, då me ser oss so vide ikring; for nedunder ligg dalar og grender og umkring oss stend fjelli i ring. All ting ter seg i strålande gidder ifrå fjellet til dalen so trong. Og dei aude og vidsveimde vidder, dei skal fyllast med ljom av vår song. Nei sjå alle dei lysande nutar, som for soli ei snøkåpe hiv. Det er sterke og støduge gutar, som ei ansar um stormarne driv. Her er vidder og grånande heider på kvar sida so langt du kan sjå. Og so fint og so skirt ho seg breider yver alt denne fjell-lufti blå. Når so stundom me trøyttest på foten, der me fram yver høgderne gjeng, i den fine og grånande mosen, då me finn oss den mjukaste seng. Me av v...

Bekken

av Olav Øygard Den vesle bekken på fjellet sprang og ned i dalen han trådde, han tenkte ikkje på vegen lang fyrr ut i havet han nådde. Han sette avstad med song og sprett, so kvit mot steinen han skuma; og ned i dalen han nådde lett der fossen dura og bruma. Men ei han ansa um fossen skreik so grovt at folk mest kje sansa; han hivde seg i den ville leik og lett på foten han dansa. Og sidan saman dei for sin veg til dei i sjøen fekk runne. Der fekk han liggja og kvila seg, for han sitt mål hadde vunne. Kjelde: Vårsong: dikt i utval, Skjåk kommune, 2010, s. 23

Soningskjelda

av Aslaug Høydal Her oppe mellom urd og fonn der freden rår, her finn eg trøyst og lækjedom for mine sår. Det er dei sår som livet gav som leitar på, for livet driv eit hardhendt spel med nokon få. Men vidda ligg der nett som før forutan svik. Så fattig kjem eg hit kvar gong og drikk med rik. Ei soningskjelde fjellet vart for brot og sut, det "vener" tok gjev fjellet att og slettar ut. Eg jublar mot den høge luft så lett og fri, og famnar heile rømdi inn som ho var mi. Ha takk min Gud for alt eg fekk i vederlag - eit ope sinn, så sunn ein kropp, så klår ein dag. Ei issoleia tek eg med frå Dugurdshø, i heimejord ho skal slå rot og gå i frø. Som oss kan blomen plantast om frå skar til skar, men aldri kan me anna bli enn det me var. Kjelde: Alt som ventar, Ansgar, 1973, s. 40

På Halvorshø

av Aslaug Høydal No skjønar eg Gud kvifor du vart så hard og grusom. Du måtte bli slik av å skapa all steinen på Halvorshø. Djupe groper i alt det gråe, ber merke etter hender som har skapt. Eg bøyer hovudet, frys under dei harde hendene. Kjelde: Alt som ventar, Ansgar, 1973, s. 20

Ved Djupetjønn

Aslaug Høydal Djupetjønn hadde dei sagt nedi bygdi. No sat eg her og stirde mot blanke botnen. Grøn stein, svarte skuggar. Soli var det som synte skuggane, dei grøne steinane høyrde til. Rundt dirra lufti mett av solskin. Den siste dirr før haustnettene. Djupetjønnane - no ligg dei med blank is botnfrosne. Eg stend att med voni om ein ny vår, ein ny dirr i lufti ved Djupetjønn. Kjelde: Alt som ventar, Ansgar, 1973, s. 19

Fjellregel

av Rolf Jacobsen Det er den tynne sneen, den som falt inatt, som er så farlig, sier de. Det ligger et islag under der av gammel, forherdet sne. Det er den som setter de store skredene igang - de som river med seg alle. Nysne, tynn, sprø er falt inatt, så trå ikke feil. Husk på den gamle sneen, den seige skorpen som ligger der og venter. Så hold unna bratthenget. Det kan begynne som en torden og ende som en blinkende ljå. Kjelde: Samlede dikt, Gyldendal, 1999, s. 322

Hundvåko

av Rolf Jacobsen Hundvåko, Hangur og Skriulaupen. Underlige navn vi har i dette landet vårt, liksom hogd ut av berget, rett og slett, eller skåret ut av gamle trestubber. Men de svarer liksom ikke lenger til noe. Vil kanskje ikke kjennes ved oss, og ikke vi ved dem. Ikke motellene. Ikke bensinstasjonene, og det vi snakker om eller tenker på. Framrusthovdi, Uppnostindann', Tindulvstølane. Det må ha bodd noen her før som var mere kjente her enn vi er blitt, og tok ordene rett ut av fjellveggen og hogde dem til for oss som runer. Holder det? Kjelde: Samlede dikt, Gyldendal, 1999, s. 322

Tanker ved Sjodalsvatn

av Rolf Jacobsen Var det lur-tonen fra alle fossene her som engang lærte skaldene å kvede og fødte ordene i Håvamål og trollet i eventyrene? I ingen land jeg vet om hørtes så mange horn og harper. I alle daler, utfor alle skrenter toner det helt inn i tinningene av vann som synger, kaller, lokker deg til drømmer. Nå er det meste lagt i rør og mangt er borte, men det må være slik som det må gå med deg og meg: Noe må temmes ned og bli til kraft og ånd men noe må flomme fritt sånn som sangen fra Gjendeoset borti her og i blodet vårt, den som forynger verden. Kjelde: Samlede dikt, Gyldendal, 1999, s. 356

Rullesteinen

av Ragnvald Skrede Turrbrend er mine dalsiders jord, ber liksom ei skorpe av tre. Dogg, regn, tårer skrensar av dei, gjev ikkje, finn ikkje fred; rasar i ørvæne lukt i Finndalen ned. Og no rullar Finna, mitt livs elv, stein, stein, stein. Som dyr med krøkte rygger tanar over dirrande botn stein, stein , stein; hard, vond, vitlaus kvervlande rullestein, stein, stein, stein. Kjelde: Vintersvale, Samlaget, 2002, s. 24

Besseggen

av Ragnvald Skrede Livet er som å gå Besseggen: Syner som blankaste barndomsdagar og kveldsfreden god etter fullførd vandring eller avgrunns djup ventar deg etter som alt er laga ... Livet er som å gå mange Bessegger. For livet er ein draum, livet er ei rekkje draumar: Du kan ferdast i lavande paradislundar og vakne i gru på det ytste skjer; du kan segle i svartnande vitlausfart mot kimande, krasande undergangen og vakne i skogsus på Fredens øy  – gong på gong ... –  –  – Livet er blodig og sælt. Sigrar og tap og nye planar  – nye Bessegger, nye Bessegger. Alle dine voner kneggjar som hestar mot Jorsalferd kvar gong, kvar gong ... Det er livet å gå Besseggen. Kjelde: Det du ikkje veit , H. Aschehoug & Co., 1949, s. 29

Bergbruri

av Aslaug Vaa Kvar er lykka? Stundom i eit vatn der himilen speglar seg  – der nutar og lidar og nes sym som i ein glidande draum. I kveld er det i eit fjøllvatn, mektugt og breidt med æar som fysser uti, kvite av isen fraa fennan paa vidda. Og bratte reinar med bjørkekrullar og rape og viu og tett grøn brisk stend paa skallen i vatnet. Ei bergbrur stod i ufsi og sprikte med den kvite                                                                  serken sin og spegla seg att djupast i vatnet, med´ tusen sjønnur dansa ut fraa dei grøne skaalin. Ho er som lykka millom to menn´skje. Ho er ikkje tidt aa finne, men ein dag stend ho der, i harde berget, og daa er ho ansleis enn alt anna. Naar bergbrurin speglar seg i myrke fjøllvatn, er det to som smiler til einannan, er det to som vaknar or drau...

Veg-leiaren

av Jan-Magnus Bruheim Ein gong eg gjekk vill i fjellet, leit eg på slumpelukka. Eg hadde mist både låm og lei då eg høyrde ein bekk som klukka. Eg visste ikkje kvarhelst eg var. Stod rådvill på same flekken medan eg undrast kvar leia bar. Men så slo eg fylgje med bekken. Han risla og rann millom lyng og lav frå langt her inne i skaret. Gjev  eg  visste så vel kvar eg skulle av, som bekken han renn i fâret. Kjelde:  Morgonglede. Barnedikt , J. W. Eides Forlag, 1986, s. 7

Innover viddene

av Jan-Magnus Bruheim Når dagsens kav og møde synet blindar, når augo trøytnar og kan lite sjå og gjenom hugen går dei myrke vindar som bleikjer blad og blom og knekkjer strå, ris fjellheimen med sine tindar lyfte mot himmelblå. Innover – innover, vide ligg viddene der vi kan gå. Ein stad er det vidsyn. Der kan du vandre innover viddene i ditt sinn, til synet fangar dei andre, som skjelv for den same vind. Kjelde: Innover viddene , Noregs Boklag, 1968, s. 14

Uppover berget

av Jan-Magnus Bruheim Mot blå djup av endeløyse lyfter seg berget. Bratt berg mot ditt stålblå auga. Her skal du gå gjenom livet kvar dag, kvar natt. Solflaumen øljar kring panna. Nattstjerna svalar og skin. Frå usedd kjelde går viljen som flødande sevjestraumar igjenom dine lemer. Føtene leitar blindt etter feste uppover berget på smale pall. Du veit i ei dirring at djupet ligg der nedunder. Syg med ein avgrunns dragnad, ventar ditt fall  – Du kjem dit du ser.  – Dag etter dag til den siste timen vil du beda um kraft til å vende auga mot dit du skal. Kjelde: Innover viddene , Noregs Boklag, 1968, s. 54

Vårvise

av Olav Aukrust Det tinar i varme sø'hall, det brånar i bratte lier, - det hev ikkje skjett noko snøfall på lange, lange tider. - - Våren er eikorleis komen, ein vert både knipen og nåmen, - jordi hev ingi ro, heller ikkje mitt blod. Gager kvige og stut er slepte or fjøset ut, våte, skjelvande mular verar mot fjell og stular, - verar mot sol og jord, kjenner det veks og gror. Vår'n er i bork vaken - sevjevåt, spildrande naken glid no kvite stolken ut or sleipe holken, der ung-guten sit og lagar sylju-fløyta god i einslege villmark-hagar, og vekkjer so fagert eit ljod. Kjelde: Dikt i samling, Gyldendal, 1967, s. 501

Fjell-Noreg

av Olav Aukrust Du salme i skogen, der vindsus syng kvar linnvers natt, du helsing fraa villmark og vegras og lyng – stødt kjem du att. Fraa brisken den beiske og fine og stride, fraa fjellheim og viggur og vindheimar vide kjem du, mitt hjarta til sorg og til trøyst, du Fjell-Noregs inste, upphavlege røyst. Du gufs av det norske, du aand ifraa fjell – di klage er mi. Um ingen deg høyrer, eg høyrer deg lel, og veit kva du lid. Dei runer som gudgjevne  her  berre ljomar, dei lengslur som  her  einast skin og ber blomar ved aurgamal ile som  her  berre vell – dei er det du syng um, du vindsus i fjell. Du høyrest av dine ved dag og ved natt, du utesus. Um folket ditt svik deg, kom sterkare att – fyll vaart hus! Aa døyp oss i vaardagars dom over døden, til kveik att paa nytt av den norrøne mjøden, – du gufs fraa det høge som  her  vil bli storm; lyft elden vaar eigen,  i aand og i form! Du fengje vaart inste ...

Heimanferd

av Olav Aukrust Når lidene bleiknar og lauvet mun falle og vinteren ventar på det han skal erve, då tidt tek so tvingande krav til å kalle - sjå heimlid og heimfjell or synom skal kverve:     då vert det so stusseleg rundt sæter og sel,    so mang ein må då segja bygdi farvel. Då tek han Imbert avskje' med Høvringen, då tykkjer Gunnar at fager er lidi.    Då ser ein attende,    hev hug til å vende, - då drøymer ein upp att og hugsar sitt liv    i barndomstid, - då vaknar ein tone, då hjalar eit viv    i Jusulid. Stigar i lid smyg i løynd ned frå fjellet, kongsvegen grå et dei upp, dreg frå bygdi. Gløymast og døy skal det aurgamle stellet, kjeldune friske og gøymdaste frygdi.    Elvi syg bekkjene i seg og stryk -    att i si redsle stend fossen og ryk. - Stilt er i skogane, klaka er vegane, - sjølv sit du einsleg på ferdmanns-lasset    i draum under lide,   ...

Oppi tindom

av Tor Jonsson Dagen står kald kring vårt hjarte i otta før gravsens gry. Kring dagen står fjella svarte, – stengt er det alle stader med tind over tind mot den bleike sky. Eg fylgjer dagen mot soleglad og drygjer i einseto øvst oppi tindom – Men alle tindar skal natta ta – Kjelde:  Ei dagbok for mitt hjarte , Noregs Boklag, 1951, s. 48

Norsk kjærleikssong

av Tor Jonsson Eg er grana, mørk og stur. Du er bjørka. Du er brur under fager himmel. Båe er vi norsk natur. Eg er molda, djup og svart. Du er såkorn, blankt og bjart. Du ber alle voner. Båe er vi det vi vart. Eg er berg og naken li. Du er tjørn med himmel i. Båe er vi landet . Evig, evig er du mi. Kjelde: Dikt i samling, Noregs boklag, 1967, s. 94

Kjærleikssong ved tjørna

av Tor Jonsson I einsemda såg eg tjørna spegla dei sløkte dagar. Sorga som kvelden sende, vart alltid ei lengsle mot deg. I blånane nedafor berget såg eg stjerner vart tende. Og møter eg augo dine, ser eg i same djupet. Bilete av berg og stjerne ber skimrande bod frå ei sjel. Eg ser inn i æva når elden flarar opp i det fjerne. Kjelde: Dikt i samling, Noregs boklag, 1967, s. 96

Ved fossen

av Tor Jonsson Eg står på brua og ser i brådjupet. Fossen kokar sin avgrunnseid. Fossen sjodar i alt mitt lynde. Men sola strålar ifrå ditt ynde, Eg elskar fossen. Eg elskar deg. No skin det sol over sætergrendene, der du lokkar din bøling heim. Berre storme og gjer deg stri, foss! Ein lagnad skilde vel lengsla i oss. Men elskhug lever til siste kveld. No syng du viser, dei glade visene. Dei er stjerner i natta mi. Minnet målar ditt gullhårglitter. Eg står i blåskuggen, bleik og bitter. Det kløkk i bjøller frå alle berg. Med sorg og skuggar kjem natta sigande. Likgufs kjøler frå naken foss. Band av elskhug kan aldri slitne. Eg høyrer einkvan i mørkret vitne at den vinn siger, som elskar mest. Du har'kje svike, men svaret svidde meg. Svart vert elskhug i einsemdnatt. Enno skimrar eit ljos i hugen. Men minnet græt gjennom heile skogen. Eg hatar fossen. Eg elskar deg. For ein gong kljem du her glad i kveldinga, gleda fylgjer ditt fotefar. Skulle fosse...

Morgonglede

av Jan-Magnus Bruheim Det er slik ein vakker morgon då heile verda syng! Eg vassar i fjellkjørr og eine og over mose og lyng. Brått flaksar ei rype or lynget. Som om ho har skadd ein veng, brukar ho berre den eine, medan den andre heng. Eg er ikkje lett å lure, eg veit at ho gjer seg til fordi eg er nære reiret - Og eg blir ståande still. Ilt er å sjå og høyre korleis ho klagar seg. Eg freistar å herme låten, og ungane flokkast kring meg! Du trur meg vel ikkje kan hende? Eg veit ikkje kva du gjer. Men fem kyllingar renn gjenom lynget og kjem meg så nær, så nær! Det er mest så eg græt av glede for dette som eg får sjå. Rypemor treng ikkje reddast for reiret med alle dei små. Kjelde: Morgonglede: barnedikt, J. W. Eides forlag, 1986, s. 5

På draumegras

av Tor Jonsson Eg ligg på draumegras i avferdsange frå alt ei frostnatt femnde mellom fjell. I siste skøyre seinhausttimen er det mange som helsar livet med eit stilt farvel. Du vilje som var med da isen slipa si strenge rune i det mørke land, du sveiper inn i sky den siste haustsolstripa og knuser gleda med ei knokut hand. Du frøyser blomeblod til småe stjerner,  du svarte lagnad, - slikt skal evig skje. Du strålar kulde inn i alle strå og kjerner og døyver verk i sår på gamle tre. Det lyser gulna lauv som glør i graset. Det doggast over livsens svik og svir. Mot himmelranda logar fjell i haustekstase. Det blånar frost og død frå det som blir - Eg ligg på draumegras og ser dei mørke dagar i sprang for livet mot ein mektig vår. Eg høyrer sevjesus ein stad og ser det svagar ei blomegrein der guden går og går - Kjelde: Dikt i samling, Noregs boklag, 1967, s. 104

Gråekra

av Tor Jonsson Gløymd er Gråekra. Berre namnet er enno att. Eit einsleg ord fløyter minnet fram att om dei som gjekk her ein heilag haustdag og skar det fagraste foll og batt, til kvelden kom att med store skuggar og vart til natt. Fattig fjell kastar skuggetunger frå nakne horn. Og lang er solsvelta her i lia. men jorda  gøymer bratte bakkar ein dåm av mor mellom magre born. Og like grøn er den harde einen med klumsekorn. Dagen doggflyg og sola rodar dei berre fjell. Og jorda teier. Ho ligg og tilgjev kvar ugjord gjerning. For ho er mora. I klungerbuskane brenn det eld - Den gløymde Gråekra ligg og høyrer til landet lell. Kjelde: Dikt i samling, Noregs boklag, 1967, s. 42 ekre

Heimkjenning

av Tor Jonsson Det er dei same fjell som før, det er den same sol som blør på tind og nut. Og dei eg vende odd imot er runne av den same rot, med same sut. Her dryp det dogg  i Trongdalsnatt og logar over løynde skatt i Skuggeli. Ein dom er over livet sagd: Du skapar brød, du skapar bragd i dagsens strid. Den same nakne kvasse egg med ørnereir i bergevegg høgg skyer sund. Og same skyming sveiper inn ei sumarnatt når dalen min sig stilt i blund. Det bevrar sol i blanke sva, det susar vind i tusen blad med stråleblenk. Og sola gyller tind og glar, – ho seglar fram att i eit skard med siste skjenk. Sjå elvestilla fær sin eld av soleglad imellom fjell. Den gråe grend ligg glødd som tind i morgongry av strålestriling gjennom sky. Og hjarta brenn - Kjelde: Mogning i mørkret , Noregs Boklag, 1943, s. 63

Heimhug

av Jan-Magnus Bruheim Flyttfugleflokkar søkjer til andre strender, til land under framande himlar til venlege kyster elvar og store skogar. Men vender når våren kallar - kjenner dragnaden i seg til reiret under eit takskjegg, inn i ei røys inne i skogane ute på myrane uppe på fjellet eller i dalane. Der løynde reir ligg tome og ventar. Alle har kvar sin stad som dei dregst mot og finn i kvitrande heimkomeglede. Kjelde: Dikt i utval, Noregs boklag, 1981, s. 205

Malmfuru

av Tore Ørjasæter Sjå treet står på eigen grunn med røter i den jord som fengde det friske frø i økslings-stund. Og veldig voksterkrafti sprengde seg gjennom grunnen med sin gror. Det tøygjer seg til vêrs mot himlen. Eit furutre mot høge nord, malmherda gjenom hardvêrs døger. Det tre som står i eigi jord og der har soge alle krafter, skyt upp med stomnen strak og stor, og roti glør med gylne safter. Det står i stormen utan svikt og tøygjer seg i mognings fridom med sevjelaupet rikt! Stå fast du tre, og røyn din malm til inste åremerg! På vindberr vakt ved vokstergrensa, einsam imot aude fjellet står du store toll! Um so du stod på klåre berg, jordtyrste røter tøygjer seg, syg næring av den nakne mold. D` er ingen storm som bøygjer deg! Kluftvridde, knytte, seige tæger tøygjer seg i tyrste lengt igjenom kløyv og bergsprungor som voksterkrafti sjølv har sprengt! Syg jordnerk inn i stomn og grein. Bargreiner levande som lungor andar inn or allheims rømd...

Lom

av Tore Ørjasæter           Bred` ikkje brånar, og jøklar svell inn imot aude Jotunfjell. Trongar og trongar inne-trengd, storkna i stein og inne-stengd. Lagleg er leidi lagd der ho ligg, adla til uppveg åt Galdhøpigg. Av jøtularmar inne-klemd, fastar og fastar inne-femnd. Her heimar er bygde og reist or urd; her heimar er trygde og folk her bur: - hugstort og sterkt som støypt i stål, folk som hev fagna landsens mål. Folk som hev inne heimhug sterk, mergsett av minne um mannaverk. Folke som hev funne heimen att, og odla eigen erveskatt. Kjelde: Dikt i samling, Aschehoug, 1985, s. 23

Issoleia

av Aslaug Høydal Eg sit her under Halvorshø og kjenner gufs frå is og snø. Men mellom alt det harde grå skjelv issoleia kvit og mjå. I kamp mot kulde, vind og storm får livet tidt ei vesal form –  ei einsleg sjel, ein blom på fjell, eit barn i krig mot bombeeld. Det er dei våpen livet gav å rømma bort og bøya av, det veike liv vert meire várt og det som sterkt er meire hardt. Kjelde: Alt som ventar , Ansgar Forlag, 1973, s. 40

Frosen sommar

av Aslaug Høydal Haust med isdolpar i graset, kvite toppar. Slik skal det vera på denne tid. På veg mot Dugurdshø i dag, minnest sommaren som er forbi: Solskinssundagar med varme molter i haldine. Brått vert det stans. Ei gul molte stend att, dubbar av tung sommar. Eg tek henne varleg i handi åt munnen med same. Hard som ein isklump er molta, men søtare enn sukkerkrystall. Oppspard solvarme, saft frå kjeldene i fjellet. Heile sommaren er samla i den siste molta under Dugurdshø. Kjelde: Alt som ventar, Ansgar, 1973, s. 23

Blod i snø

av Tor Jonsson No dryp det blod i snø. Det bed frå svarte augnedjupet,  – og angestbåra bevrar gjennom hold: Eit stakkarsting, ei livredd rjupe, som, snarefanga, snart er død. Det kveldar over fjell. Og månen kliv imellom tindom, i kalde hjartelause himmelhav. Ein vindgust sældar snø på rindom og kverv i kvit og månljos kveld. Ei stjernebru er strødd, med æveblenk i jordlivsdagar,  – ho speglar seg i svarte augnerømd. Og nordljosteppet skjelv og blagar. Men auga stivnar, gjennomglødd. Her hjelp 'kje bøn, her hjelp 'kje gråt. For livet sjølv dreg snara åt og kvæver i den kvite snø ei von, eit einsleg minne om sumar over fjell og finne. Kjelde:  Mogning i mørkret , Noregs Boklag, 1943, s. 41

Ved varden

av Audun Høgbrenna Opp over himmelranda, oppe på Henninghø, står det ein gråsteinsvarde høgt over dal og sjø. Varden vart ein gong mura av stein frå hø og ur. Steinar frå gråsteinsura vart minne om dag og tur. Sia har varden vore eit merkje frå svunne år. Og blir nok eit landemerkje, så lengje som varden står. Hit gjekk sundagsturen, når sola i høom skein. Her tende folk kaffevarme, og kvilde dei trøtte bein. Her sat det folk attved varden, når andre rusla forbi. Summe med kikkert i handa, andre tok fotografi. Men nå kan vel ingen hugse kven denne muraren var. Mange vil sikkert undrast, men ingen kan gje deg svar. Kjelde: Perler i minnet, Snøhetta, 2002, s. 11

Nordved Sjong

av Tor Jonsson Eg går her og vinglar og vimar på strendom ein stad nordved Sjong. For minnet krev sine timar – og helst vil det ha ein song. Eg set meg varleg og ventar til tida går att og bak. Og kvelden kjem att og hentar eit gloande månevrak. Kveldsvinden hullar ein springar. Og kvelden gøymer ei natt. På vatnet gjer fisken ringar, dei kverv og kjem aldri att – Da klårnar det opp eit minne på strendom ein stad nordved Sjong: Ein kveld eg møtte ei kvinne for fyrste og siste gong. Og augo dei smilte: Tak meg. Men tanken kalla det svik: Brenn ikkje bruene bak deg. Slikt er for den som er rik. Men sumaren vart til ein domar: Syt 'kje for lekam og sjel. I bergom står tusen blomar og blømer seg beint i hel. –  – – Bårene bevrar kring osen, og månen sår sylv over sjo. Og dagen legg atter kosen mot vest og vert borte i blod. Men inge...

Byggje tårn

av Tor Jonsson Grava gråstein utor veitom. Bera lyftarstein opp mot høgste leitom- Lyfte draumen opp or einsemddjup. Bera draumen bort frå stygge stup. Vera ein. Bera stein. Stein er søkkt djupt i dy. Bera - Byggje høgt- Byggje tårn mot sky. Bera stein. Gjera draumen stor. Byggje tårn, bru frå jord- Byggje høgt over li og lein- Bera denne draumen- Bera stein. Kjelde: Dikt i samling, 1967, s. 174.

Syng, Dovre

av Vegard Vigerust Så pen ein bånsull syng ingor mor som du syng, Dovre, du kvite kor. Tindain dine og vindain dine tona' stilt ifrå aille leiom, sjogen driv over tome veigjom. Ljose minne frå båndoms tid syng på fjeillmål i sjæle mi. E æ mo, og nå vil e såvå lengje. E vil heim, og svive på mjuke vengje. Syng Dovre, syng meg utu myrke blindom, nå vårast landet kring Svånåtindom. Og um e drogst imot fræmondt fjeill, så va dæ Dovre som fækk meg leill. Bygdin dine og dygdin dine tona' stilt ifrå logne dalom, sjogen driv innåt gamle svalom. Ljose minne frå båndom tid Syng på fjeillmål i sjæle mi. Vegard Vigerust Kjelde: Syng, Dovre

Heimstaden

av Olav Øygard Eg veit meg ein stad mellom nutar og fjell med stupbratte lid, der som fjellbekkjer fell. Der ofte det bles frå den iskalde pol; men stundom der vermest av midsumarsol Ja fjellet det stig no so høgt og so hardt der fram for vårt auga i grått og i svart. Men innunder stend ho den skogklædde lid so lysande fager ved høgsumartid. I dalen der nede der ligg han vår gard og det er no arven frå far etter far. Um jordi er mager og skrinn til å sjå, ein likevel vokster av henne kan få. Eg likar best når eg heim fær bu og stella med jordi og vollarne snu. Eg heidra vil arven som fedrene gav, til eingong som dei eg vert lagd i mi grav. Kjelde: Vårsong: dikt i utval, Skjåk kommune, 2010, s. 32

Til fjells

av Johan Sebastian Welhaven Jeg vil min vei forandre; på fjellet vil jeg vandre og tage gangens møye lett. Jeg søker klippeluftens bad, og føler der forynget, glad, det frie åndedrett. Hvor tidens makter stride jeg fikk min del at lide av all den sorrig og fortred; men står jeg først på skrenten hist, da synker denne byrde visst i dypets dunster ned. Jeg vet et sted på fjellet en li, hvor bakkehellet er dekket til av birk og lind; der står en hytte og et hegn beskjermet i den ville egn med ly for vær og vind. Der, mellem fuglekvitter den gamle jeger sitter og hviler i sitt enebo. I lang tid er hans flint ei brukt, han akter ei på glentens flukt, for ham har bamsen ro. Men bak sitt grønne glitter i lønn og alm han snitter med sikker, kunsterfaren kniv. Han snitter kar med løv og dyr, der treder frem som eventyr fra gubbens jegerliv. Den gamle, stille jeger han rakt meg mangt et beger av klippebekkens klare drikk. Det friske vell i birkes ly e...

Paa Fjeldet

av Johan Sebastian Welhaven Nu sidder Huldren paa Tue og blæser i Luren og er saa glad; thi Aftenhimmelens Lue spreder sit Guld paa det bævende Blad. Naar Huldren spiller i Lien sin gamle Vise en Sommerkveld, da gjenklinger Melodien langt borte i Bygden, fra Fjeld til Fjeld. Og frem bag mosede Stene titter den blomstrende vilde Lind, og suser med sine Grene, og strøer sine Blomster i Aftenens Vind. Og Fossen i Klippefuren nedstyrter mod Dybet med stærkere Magt, og dandser saa vildt til Luren, og ryster sin tindrende Sølvmorsdragt. Paa Skrænten ved Sætervangen staar Jetergutten i Aftnens Glands, og lytter til Huldreklangen, og trylles og drysses af Fossens Dands. Han dysses, til han vil blunde og hvile sit Hoved hvor Lyngen groer; han tænker: ak, hvem der kunde være derinde, hvor Huldren boer! Da kommer hun let og stille, og kysser i Fjeldet den brune Dreng, og lærer ham sødt at spille paa guldvunden Lur og paa Silkestræng. J. S. Welhaven Kjelde...

Perspektiv

av Eldbjørg Nyborg og Ann-Christin Olofsson En liten maur titter opp mot soppen og synes nok at den er høy. For en liten maur ser den ut som et fjell. - Å, jeg må klatre opp. Her finnes mange godsaker. Jeg skal opp. Jeg begynner ved soppens fot. Et lite maursteg og et stort eventyr begynner. Et eneste lite steg og mauren er på vei. Mange ganger har jeg tvilt før jeg bestemte meg for å nå mitt mål. Forundret ser jeg mauren på soppens topp. Den iler raskt ned igjen, modig bærende på eventyrets erfaring fra en liten verden jeg ikke kjenner. Jeg snur meg og ser fjellets topp. Jeg står ved dets fot og jeg forstår. Jeg må begynne på mitt livs eventyr. Nå er det min tur til å ta et første steg. Kjelde: Naturens rikdom, Fjellheimen, 2009, s. 42

Høgtid

av Ragnar Solberg E høyre ti myrke kvelde ein song tå ondeleg kjærleheit ner vind susa paa harde fjelle jordbonde fraa all evigheit. Båndomen min det æ som syng, det kjøm frå djupe ei minneflo, det tona frå sjog og stein og lyng der vogga åt sjæl'n mine stod. Sjæle i myrke oværsnet ho bli som eit tempel vigd ei tid da vind skratta og ylde og gret og vill song inn mi melodi! Kjelde: Is-gud, Aschehoug, 1937, s. 207

Tre voktere

av Eldbjørg Nyborg og Ann-Christin Olofsson Stille står de der på fjellets topp. Avventende betrakter de soloppgangen. Med blikket rettet til alle kanter ser de lysets tilbakekomst hver morgen. Solens ild varmer dem. Til stede i nået mottar de varme, regn, snø og kulde. Den harde kalde vinden berører dem ikke. De forsetter sin betraktning av livets gang i by og land. Deres øyne når langt. De kommer fra en annen dimensjon. Nå er de bundet til Jorden. Skapt av vibrerende energi. Tålmodig iakktar de alt som skjer. De ber meg stille spørsmålet: Hvem er jeg? Kjelde: Naturens rikdom, Fjellheimen, 2009, s. 34

Frihet

av Elbjørg Nyborg og Ann-Christin Olofsson Lysenergi på lysenergi, Majestetiske topper og frihetens vidder så vide at øyet knapt kan favne, er bare lys. Jeg nyter ferden i de rike viddenes verden. Et øyeblikk av stillhet og ro. En rype flyr opp. Et knippe av lys. Alt har sin tid. Alt har sin plass og sin oppgave. Jeg har min. Fjellets kveldssol bader jeg i. Takk Moder Jord og Fader Sol for denne dagen. Kjelde: Naturens rikdom, Fjellheimen, 2009, s. 74

Mammut og moskus

av  Vegard Vigerust Mammut på Dovre-platået - ikkje lenger å sjå i blået. Vår heimlege dinosaur kjøvdest ned i is og aur. Men moskus finst i fjellom her, minimammut, storegut, halvvegs sau og tri kvart stut! Tonge dyret kliv så lett, horn i hugu-brasken tett! Smell det høgt i skard og hø, er det paringskamp på liv og død. Men smyg du deg innpå med kamera og ailder så nære, så veit du brått ikkje ordet 'tå før du fyk i høgste være! Moskusen tæk deg på nåsån, Gud bevare ditt stakkars liv - da ser du Dovre i perspektiv, og blodet ditt dryp i måsån. Bildet du tok, i såmå sekundet, va som bestilt 'tå Naturvernforbundet - Vegard Vigerust Kjelde: Evig unge Dovre, Dølaringen , 1993, s. 7

Under Krongluthø

av Vegard Vigerust Siste gneisten 'tå evigheite kan ailder slokne som glo! Dit inn vil sjæle mi vænde når gneisten frå ho ikkje kan tænde i morkne kvistom tå kjøt og blod. Da ska eg kvile i upphavs-elde, liggje og berre glø, ikkje vera redd for å dø som denne gloe i såmårkvelde i bålet her under Krongluthø. Å, du mitt frosne leitarliv: Før du oskast mot midnattsleite, ser eg sjæle mi kor ho sviv heim åt gloe i evigheite. Vegard Vigerust Kjelde: Skimt, 1978, s. 56

Sondags-Kvellsang paa Sætern

av Georg Sauerwein (Dr. G. J. J. Sauerwein) Kryt're kjøm atende: Høyr, fraa høg'ste Lænde Lokka Gjenta døm. Sjaa, kor langt fraa Li'om, Ku aa Ka l v mæ Kvigjom, Sjaa, kor smaatt døm kjøm! Jau, døm æ saa kjei'e, Gjenta snart fæ Greie, Kvar ei finn sitt Stell: Gjenta stelle aa smile, Kue fæ da kvile – Stille Sondagskvell! La' os innat vende: Over vi'e Lænde Skin dæ ljost aa gjillt. Sje i nnu i n kjøm som Gjæste, Maanin midt i Fæste Helsa døm saa mildt! La' dæ b l i dæ saamaa, At os og fæ komaa Høgt i Himilsbu, At os og b l i Gjæste Ogo Himilsfæste, E' saa ve l som du! Kjelde:  Frie Viso ifraa Viggu i n sungje i Nørdre-Gudbrandsdalsk Dølamaal , Alb. Cammermeyer, 1885, s. 30 lænde : fjellvidde sje i nnu i n : stjernene fæste : himmelkvelven ogo : over

Visa på Dovrfjelle

av Vegard Vigerust Det va ei vise på Dovrfjelle, ho ha så onde'leg pen ein ljod. Men det va einast i seinhaustkvelle når månin skein over Svånå-svelle at de va von um å høyre ho. "Um eg er frosen og isa, syng eg nå denne visa. Og lye' du berre lengje, er det som sorgje sviv på mjuke sjo'fuggel-vengje over ditt arme liv." Eg kom ein seinhaust åt Dovrfjelle eg gjekk og vingla og va så mo, og månin skein over Svånå-svelle, eg låg og fraus på eit røslyng-stelle, da fekk eg høyre så pen ein ljod ... Kjelde: Evig unge Dovre. Dikt, prosaskildring, lokalhistorie, Dovre-ord , Dølaringen Boklag, 1993, s. 40

Til Haverdalen

av Vegard Vigerust Vakne på Haverdalssæter ein tidleg morgo med blått um tind, solljos blankt gjønnum glaset inn, kvitskura bord og benkje, kåpårkjele som blenkje! Og dovrmål uti svale – Mat servert inni stugu. Såmår i Haverdale, og Rondan syne fram hugu! Sus i fosse, men lell så stilt, fjellet ligg her med lange lino. Ikkje har eg i hogje ilt. Signe deg, Haverdalssæter, ein haustleg efta med blåst i fjell: tokke seg innåt peis og eld, berre døse og drye, sitja godtrøytt og lye på regn som slæ mot rute, bål som språkå og lågå, vind langsmed veggjom ute. Kan vel ein vandrar klågå? Somne søtt med ein tev tå fred innåt timber tå grovhogd furu. – Haverdaln, eg vil hugse deg! Kjelde: Evig unge Dovre. Dikt, prosaskildring, lokalhistorie, Dovre-ord , Dølaringen, 1993, s. 27

Ailder meir vil eg her ifrå

av Vegard Vigerust Langt inni blåe Grimsdalfjelle der vatnet renn utu himile klår, legg eg meg ned på eit røslyng-stelle og drikk så lippa mi kjennest sår. Skirare vatn finst 'kje på jorde, det skin som dogg på bergje. Men akte deg, det er styggeleg kaldt, - det frøyse' kav innåt mergje. Langt inni blåe Grimsdalsfjelle der alderdomen vart mildar å sjå, legg eg meg ned på eit røslyng-stelle og ailder meir vil eg her ifrå. Vakrare død finst 'kje på jorde, han er som vin på tongun. Eg berre drikk te lippa bli' sår og blodet frøysest i longun. Vegard Vigerust, Kjelde: Evig unge Dovre, Dølaringen, 1993, s. 32

Fjellblomen

 av Ragnvald Skrede Såg du ein einsleg blome som duva i solbris mild langt oppi fjell, der ingen ventar at liv er til? Slik kan ein stundom finne tankar som blyge bur bortgøymde djupast inne der som ein minst det trur. Fjellet er hardt og steingrått, men blomen er kløkk og fin; ber i si skire klokke doggdropen blank som vin; spreier sin veike ange, smiler i sol og vind. Ein, kanskje, ikkje mange staden og blomen finn. Kjelde: I open båt på havet , H. Aschehoug & Co., 1952, s. 34

Trollveggen

av Vegard Vigerust Eingong skal Trollveggen reise seg bratt og svart ikkje sjåande for andre enn deg Du veit du lyt vinne over han om du skal overleva Da slår du inn boltar til å klive på Over avgrunnen leitar du etter feste hamrar vilt på sorga si bringe høyrer i råkalde vakenetter eit steinhjarta slår Det er ikkje sant at boltane er sterke men du legg ei tru i dei som skal vega opp tyngsla i deg Såleis vil du lyfte deg fot for fot bort frå livet du er på veg attende til Eller du legg berre trass i stålspissen du borar inn for å traversere til ein ny avsats å koma seg opp frå Mot Trollveggen kjempar ein med alt Den som du helst teier med som reiser seg når alle vegger har rasa saman og som du ikkje veit kva er til I mørkret talar han til deg om Betlehemsstigen han ville vera Bergteken er du Men det er ikkje døgervill du løyser boltane og lèt dei single i djupet Smilen din er ikkje meiningslaus for dei som skal klive etter deg Berre den skal s...

Vår i fjellet

av Ragnar Solberg Blånende hav over kvite bre. Blånende hav over grønne tre i vårsolglans. Se liene speiler sitt eventyr i bølgne vårlig blidt, og tranene skriker fra tjern og myr         i riket mitt! Men heilo på mosgrå tue fløyter tungsindig dikt til minne om Eysteins stue         - øde og rikt. Hør luften toner så strengeklar i en duft av snø og jord med stenk ifra blomst og bla'r         og gress som gror; men sterkere enn blomsterklaser         og lienes solløvbrus         dufter to gyldne einervaser         ved veiens grus. Jeg kjører frem i mitt rike, og vårduft og sol og vind bæres mot meg med traneskriket         i sjelen inn - Det skyller en glødende bølge, en gullstrøm fra havet vest, og vi fikk et...

Gamle sætre

av Ragnar Solberg Eg sitt still ti måsåfjell - høyre hausten ljome. Hustre òg ein seinhaustkveld med alle sætre tome. Gamle gråe vehlle hus onde ramsvart håmår ligg på stein og tæla grus og glåme grønt mot såmår. Stygge sjogen ri og ryk over blåe høe, og så mjuk og mild 'n fyk der kjærringkjørre bløe. - Og han legg seg kvit som krit, gjyv um skal og skrente, - som ho sa ho Støste-Brit: - Nå er 'kje meir å vente! Men eg ynskje som 'n Pær - 'n kleia seg i hugu: Ha'ss enda fått måsåvær, sa'n og gjekk nordi stugu. Eingong sa'n blidt på skøy - 'n heldt seg for nåså: Bie te' Helgomesstøy så bli' det vær åt måså. Eg sitt still ti sjog og sus - høyre hausten ljome, men tru gamle sæterhus på desse ti'n står tome? Va'de'se'likt! Ståk og styr - grynt frå håse tusse, - jø, d' er korkje folk hell dyr - værre 'ell fant og fusse! Og tykjy sjå, kåt og snar - som ein vind frå hø-om - huldre, dan...

Fjellstort og fjellsmått

av Ragnar Solberg Fjellstort og fjellsmått – ja, her må eg dikte. Her vakna eg uppat åt ansvar og plikte – Fjellstort og fjellsmått – det skin ti det blåe. Tindan stig mektoge men blomstre er småe. Kjennest du ved meg ein åliten pyrill som smile halvt polisk åt skodd-skyom rådvild? Ruskevær kvølvest – vind kvikna og bær se' til solsmilet brå-skjølv for tongsinn i verset – Det slæst i meg sjøl kæ som rangen har fått når det myrke blir stort og det ljose blir smått. Men slik vill det bli for ein og for alle: Ei solhøgd i sinnet legg skugge mot fallet. Fjellstort og fjellsmått – med kvit-tind og svartstup og blomster som elska frå innst i mitt hjærtdjup – Kjelde: Livs-skurd. Dikt på Dovre-mål , H. Aschehoug & Co., 1950, s. 141

Altere

av Ragnar Solberg E fell på kne her ved villfjellet kvitt og takka de' kjærest, for alt det som æ ditt – din skafna og eld. På de' sole fyst renn og sjå de' alterljos kyrkjestilt brenn. Suset tå høgtid frå myrtne på jord og djupe skjølva som i hjærta' mitt gror bli' e alder fri; men tindan dine står og vitna som ein dråm um evig vår. E kysse så glad di is-skura ur og e takka i bøn ein stor og sterk natur som i nåde ga – Kvite bringa på de' som lyse tå lengsel vill gje me' fred. Kjelde: Is-Gud. Dikt på Dovre-mål , H. Aschehoug & Co., 1937, s. 208

Episode ved Snøhetta

av Vegard Vigerust På ski frå Sjo'hættun, eit rast frå Reinheim fann eg ei dør åt evigheite Karmen skakk tå hengjefonn, dørstokken eit lavgrønt sva, ljoset va dørklinka - Ein skimt innover som berre vart verande så Dø'n sto att bak døre Evigheite er augbleket da alt er vakkert og du sjøl er sjæl. Vegard Vigerust Evig unge Dovre, Dølaringen, 1993, s. 8

Reinblom

av Ragnar Solberg Is-soleie som veks ti tæla jord onde bræ og bråne, oskyldskvit du røe, ljos og rein du skin som ei vårbrur, blug og fin ti hard natur. Ein diktar æ kjæresten din. E som du æ hjølpelaus, onde oendelege himile. E som du skrelle tå og skranta ner kje kåte gust kysse skallin min ti kaldt sol-drev ette fjell-ekslom. Vehle blomster – du  æ ljos og rein. E som æ suhla te i sjæl og sinn - tru  e  frelse vinn? Kjelde:  Du fjell –. Dikt på Dovre-mål , H. Aschehoug & Co., 1938, s. 127