Innlegg

Viser innlegg med etiketten Bakken‚ Rannveig B.

Ved Geitåa

av Rannveig B. Bakken Eg veit om nokre vegger og ei værsliti dør som gjev frå seg ei kjensle eg aldri kjende før. Det fortel om gode dagar langt inni fjell. Som gav lindring for smerte og gjorde ein vel. Eg vert audmjuk til sinns når eg dette ser, og kjensla eg innerst i sjela ber. Kjelde: Steg over myrlendt landskap, 1995, s. 19

Kveld ved vatnet

av Rannveig B. Bakken Kvelden har gjeve dagen fri. Ro. Berre eit stille vak gjennom vassflata. Myrke tretoppar i kontur mot himmelranda i møte med ei ny natt. Ei natt berre slik fjellet gjev det. Kjelde: Steg over myrlendt landskap, 1995, s. 18

Fjellet

av Rannveig B. Bakken Som berre er der. Vernar. Rotbunde hjå oss på ein merkeleg måte. Vart med oss på ferda gjennom årtider. Som ein støtt vender attende til i storm eller stille. Fjellet gjev oss ro i sinnet. Ei gave. Fjellet. Kjelde: Steg over myrlendt landskap, 1995, s. 15