Innlegg

Viser innlegg med etiketten Aukrust‚ Olav

Brigde

av Olav Aukrust Hugbòd som fyrr leika hauk over hauk i storstilla blaa og solblanke ned over tankane strauk, er ingen stad høyre hell sjaa. Stride som straalande kvæde dei kvad og lyste seg leid. No er det att berre burtblaasne blad ein haustdag paa villande heid.                        * Mjukar enn myrull som voggar i vind langt inn i fjell, er minni som sviv gjenom mannasind ein skybleik og blaasande kveld. Kjelde:  Himmelvarden , Alb. Cammermeyers Forlag, 1916, s. 195

Vårvise

av Olav Aukrust Det tinar i varme sø'hall, det brånar i bratte lier, - det hev ikkje skjett noko snøfall på lange, lange tider. - - Våren er eikorleis komen, ein vert både knipen og nåmen, - jordi hev ingi ro, heller ikkje mitt blod. Gager kvige og stut er slepte or fjøset ut, våte, skjelvande mular verar mot fjell og stular, - verar mot sol og jord, kjenner det veks og gror. Vår'n er i bork vaken - sevjevåt, spildrande naken glid no kvite stolken ut or sleipe holken, der ung-guten sit og lagar sylju-fløyta god i einslege villmark-hagar, og vekkjer so fagert eit ljod. Kjelde: Dikt i samling, Gyldendal, 1967, s. 501

Fjell-Noreg

av Olav Aukrust Du salme i skogen, der vindsus syng kvar linnvers natt, du helsing fraa villmark og vegras og lyng – stødt kjem du att. Fraa brisken den beiske og fine og stride, fraa fjellheim og viggur og vindheimar vide kjem du, mitt hjarta til sorg og til trøyst, du Fjell-Noregs inste, upphavlege røyst. Du gufs av det norske, du aand ifraa fjell – di klage er mi. Um ingen deg høyrer, eg høyrer deg lel, og veit kva du lid. Dei runer som gudgjevne  her  berre ljomar, dei lengslur som  her  einast skin og ber blomar ved aurgamal ile som  her  berre vell – dei er det du syng um, du vindsus i fjell. Du høyrest av dine ved dag og ved natt, du utesus. Um folket ditt svik deg, kom sterkare att – fyll vaart hus! Aa døyp oss i vaardagars dom over døden, til kveik att paa nytt av den norrøne mjøden, – du gufs fraa det høge som  her  vil bli storm; lyft elden vaar eigen,  i aand og i form! Du fengje vaart inste ...

Heimanferd

av Olav Aukrust Når lidene bleiknar og lauvet mun falle og vinteren ventar på det han skal erve, då tidt tek so tvingande krav til å kalle - sjå heimlid og heimfjell or synom skal kverve:     då vert det so stusseleg rundt sæter og sel,    so mang ein må då segja bygdi farvel. Då tek han Imbert avskje' med Høvringen, då tykkjer Gunnar at fager er lidi.    Då ser ein attende,    hev hug til å vende, - då drøymer ein upp att og hugsar sitt liv    i barndomstid, - då vaknar ein tone, då hjalar eit viv    i Jusulid. Stigar i lid smyg i løynd ned frå fjellet, kongsvegen grå et dei upp, dreg frå bygdi. Gløymast og døy skal det aurgamle stellet, kjeldune friske og gøymdaste frygdi.    Elvi syg bekkjene i seg og stryk -    att i si redsle stend fossen og ryk. - Stilt er i skogane, klaka er vegane, - sjølv sit du einsleg på ferdmanns-lasset    i draum under lide,   ...

På Rindhølom

av Olav Aukrust Eg gjekk under haustgule lidi ein sundag i lauvstakk-tidi, kom inn på eit attlagt lende - villmarki tok eit slag ende. Tri hyttur låg att her med småe gunådslege armodshus: det va' Rindhøls-plassane gråe på murom i raudaur og grus. Dogg skein på stigar som spekne i sol tina upp attpå natti; siste såtun' var tekne, - ei , berre, einsleg låg att i ei dokk millom steinbleike røysom, og sylvkvite bladi av bring låg bleikna i blaknande høy som var sanka på skrabbom umkring. Villgraset svartna i såta, røyksopp og lyng var i verde med; kraggen rundt rotnande åta bruktest, ein gong, til å gjerde med... Angar frå næraste hytta ól ein forvillande rus: til fôr-lyu no vart det nytta, det utlivde, glaslause hus. Allstad var utslætti slegne - fortenkt vart eg stå-ande stire: doggsprengde reinur og tvegne i haustglansen glitra so skire mot halmeblìket som lyste der åkrane bleikna og skein, og husmanns-sumaren hyste ei høgtid so blånande rein...

Sota

 av Olav Aukrust Det er ei sæter som heiter Sota, og einsleg ligg ho i svarte audni. Eg kom der veg-vill ein gong ved midnatt, og myrke segner imot meg susa, - sev for vind uti straum rakte, kragg og trollskog kraup og krakte - kryp og krèk der til domedag.                   * Det var ei hildrande ungmøy-hulder som sat budeie på denne stulen. Ho heldt med tvo, og det vart til våe, - ho fekk då nøgdi, til sist, av båe, og dei fekk metta si båe tvo. Det hende noko der, langt attende. Det small eit skòt der ein gong ved midnatt. I ormut otte låg ein og glødde, han låg og lura, han låg og lødde - hin stupte då skotet small. - - - Han kom til Sota ved midnattsleite og kravde løni for velgjort arbeid. Han stengde døri, ho sløkte ljoset - det raute tungt gjenom fenafjoset - tvo hjarto dunde i natti nifs. Han som skaut , var han Kristen Fange, men han som stupte, fekk inge...

Fiskarvise

av Olav Aukrust Eg fór og fiska og fylgde elvi    og gjekk og lona til seint på kveld.    På hausten leid det, og no kom natti- eg fann meg kvistbrask og kveikte eld. Eg nørde elden og tende pipa og såg på va'n um n rakk n'i ripa,-    eg røykte smått,    eg drøymde godt, og blanke glohaugen livde. Men skyén tettna, og himlen svartna-    og regnet losna so meinbrått. Eg berre røykte og let det skure: "Det er so vidt det vert steinvått." Men regnet auka på etter kvart, det, og berre verre og verre vart det,-    det hølja ned,    og annas ved no såg eg haustnatti tok meg. Eg freista  berge meg best eg kunde:    "Ondt ofte lider den fiskermand",- men vêret flødde i svarte natti, og flaumen slo inn i grøne land.    Og tora brulta, og regnet strøymde, høyr lufti susa, det saud og fløymde-    med gòv og gufs    kom elvi stups,- ho steig so fort at - ...

Vårblå himil i mars

av Olav Aukrust I stekkja, nedsnøa fjellskog gøymde, var kjervi utrivne, lasset lesst. Eg låg på lauvlasset, dorma, drøymde, og morgonstjerna stod bleik i vest. Og hesten lunka, og bjølla singla, det song so vakkert i massing-dingla: Å linge-ling, linge-linge-lan- tobak og pipe, so går det an! Eg låg på ryggen og såg på røyken vart blåe risar og rare dyr. Og heid og himil og eg og øyken og alt ikring oss vart eventyr. Kva er so gufsande friskt og godt som- og mildt og drivkvitt og reint og blått som- - å linge-ling, linge-linge -lei- ein vårblå himil og mars på heid! Det skein og blenkte so hål ein blåne, der slede-meian' på vegen rann. Og uthengd var det so blank ein måne, og alt var vakkert og vel i stand. Det var so inderleg mjukt og mildt, at det rann so inderleg mjukt og stilt, at - å linge-ling, linge-linge-lo- all skog og vigge som fjetra stod. Og grønt var lasset, og kvit var skogen, og raud var himil'n i aust å sjå. Og mi var stundi, og v...

Bånsull

(ein haustkveld) av Olav Aukrust Å skin i skardom. Hanen gjel og røyk stig på gardom. Hjalar hjuring høgt i hø. Rim på blad og bleinka bø. Gulnar konn i dalom og visna lyng i lidom,    - å lidom. Byssam, å fjaggen. Kjellargufs og godt øl på kaggen. Øl til gjest og gjengarmann. Gamel-Synne mjølk i spann,- snille Gamel-Synne og Sissel Søtilbakka,    - å bakka. Brim og mysublande ska' heller ikkje folk vilja vande. Nysilt mjølk ska' båne' få. Vert det ingor onnor rå', so finn me bær i skogen- men trøyste oss, kjem sjogen,     - å sjogen. Myrbær på Mytingen. Tett på tuva raud finn me tytingen. Soli skein so varm og blid- hegg og bring og blåbær-lid kjem med bær åt bonom, ja bær åt alle bonom,    - å bonom. Byssam, bysam båne'. Langt burt i berg og bankan blåne. Rauberg stul og Ljosli gauk, vakkert vêr og ingen hauk; berre eg og du, san, ska' der i fjellom bu, san,    - å bu, san. Liten Tusul bror, ...

Bygdevisur

av Olav Aukrust Eg bad meg unda, men laut til pers att og gjera det som min vekkjar sa: hev klønt ihop nokre vek og vers att som tidt og trått både gret og bad.     Det kraup, det ringa,     det orda inn meg-     det baud og tvinga     og kviskra: Finn meg! Frå kyrre berg-veggen kom ein klang; men bratt var stigen og leidi lang. Som ferske dyr-kalven, der han ris på nakne, doggsprengde fjellet upp     millom urd og is, der ville vêr-semla gjeng og krokar i ringumkring han og blæs og snokar, der ørn hev susa og jerven jakta: so varleg vakta er i si einsemd det dulde liv som spor meg gjev og til fjells meg driv. Det var eit lende so skrint og magert, so armt og fatigt, men endå fagert- men i sin fagerdom endå hardt, men livet bivrande vilt og várt. Dei var so mange, dei fjell og løypter eg skulde gange, og fanst det noko i det dei skjenkte, som skein av lengdom og liksom blenkte, so va...

Gneisten

av Olav Aukrust Ein gneist slo ned! Og sidan eld og aldri fred- kva vil det meg? Frå Norigs fyrste barndomstid rann upp ei røyst so rein og blid: "Kom denne veg! Me kann 'kje liva kvar for seg."-- Det lét seg att; men omar enn frå fjellet bratt som Norigs berg- og bjørkemål; og gneisten vart eit bål. Du sjel av eld på Norigs harde, nakne fjell: kven er du lel? Eg veit det nok - du er den makt som byd meg halde vardevakt - i alle vêr - um det som norskt og Norigs er. So feng meg då! Og lat meg eld av din eld få,- og brenn og bruk meg, heil og all, og hav meg i ditt vald. Kjelde: Dikt i samling, Gyldendal, 1967, s. 207

Bu

av Olav Aukrust Vegen var gaadd. Varden var naadd. Der kjende eg sæl, der skyna eg vel: Mitt liv maa eg liva i kjærleik og tru. No vil eg min vegen til bygdar att snu. Eg vil byggje min fridom eit bu. Ikkje hus eller hytte, hall eller horg. Ikkje attlæst kloster, slott eller borg. – Ikkje byliv med gatur og torg. Men mot himlen ein blaanande rein katedral, med spir upp mot stjernur i titusundtal, og med tropp upp i fager spiral. Ifraa hjartans grunn, gjenom draum og mystik, strøyme lovsongen rein, rise lengsels gotik, raade kjærleikens eigen logik. Eit upplyst tempel: eit kjærleiks-sinn, der gjevande geislar gaar ut og gaar inn med den voni som som vaagar og vinn. Ikkje rikdoms traa i fortærande jag, men nøgd med Guds naade som ny gjev kvar dag eit straalande riddarslag. Ikkje armodi myrk, ikkje trældomsliv. Men ein friviljug fatigdoms fritt gjevne liv, ja, eit aandelegt fjellbu-liv. Kjelde:  Himmelvarden ,    Alb. Cammermey...

Djupni og høgdi

av Olav Aukrust Stå på det ytste stup, stire n'i vanvit-sinnet, kjenne det sugande djup, ottast at draken skal vinne - kjenne den glyfsande eld frå eit gloande angest-glup, kjenne det dragande sòg frå eit sjodande vanvit-djup! Himálaja ris over hav, kløyvande skoddi og vinden. Og Golgatha ris over grav. Og varden ris over tinden. Og elsken nærer sitt liv under sorger so tunge som hav, og himmelhøg kjærleiken ris over vanvit og redsle og grav. Kjelde: Dikt i samling, Gyldendal, 1967, s. 121

Kulokk

av Olav Aukrust Ola Jonson, Ola Jonson, no lokkar eg fe. Uppi rustom, under buskom, der finn du att meg. Kom Leikros, kom Bleikros, kom Fefru, mi ku. Kom Kveldros, kom Fjellros, kom gjævaste du. Kom Blomstut, kom Brandstut, kom Blidan, kom Byrg. Kom Staute, kom Raute, gakk inkje og syrg. Uppaa pallom nordpaa skallom staar krokbjørki skrinn. Og det riktar, og det svigtar i regnslit og vind. Her er fjellvilt, – her er vindstilt i hellar du veit. Og eg drøymer, og det strøymer, og eg hugsar meg heit. Dersom nattdoggi og berroggi sa det dei veit, og so nattfrost, og so vindblaast – vørte tvau reint ibeit. Baade nattdogg og berrogg hev stødt halde stilt. Korkje nattfrost eller vindblaast bar ut noko ilt. Uppaa hjellom under fjellom staar risskogen tett. Uppi rustom, under buskom er det liva og fredt. Ola Jonson, Ola Jonson, eg hev lokka so langt. Uppi rustom, under buskom hev eg hugsa so mangt. Kjelde: Himmelvarden ,  Alb. Cammermeyers F...

Langt, langt inni ville fjell

av Olav Aukrust Eg klistra tytingen der eg trødde, i kvite snøen han låg og blødde, ein liten nattgamal nysnø såg n'i bygdi frå høgt i hø. Rein han låg over stein og såg seg sjølv liggjande likbleik langt, langt inni ville fjell. Eg drap ei rjupe, og skòtet dunde, og fjelli ropa, og urdi runde - derpå vart det so daudstilt. Fjellet nemnde seg, várt og vilt. Stur eg stod i ei urd, og blod brann i drivkvite snøen langt, langt inni ville fjell. Varme, villkvite fuglen bivra, i opne nebben stod blodet livra, eg stod og svimra i krutrøyk, - redsla kom som ein skræmd øyk, - - eit liv var sløkt, eit liv forstøkt stod einsleg att med sitt eige - langt, lant inni ville fjell. . . Dikt i samling, Gyldendal, 1967, s. 49

Eit møte

av Olav Aukrust Eg møtte ei utgomol krekse med krykkje, ihopkrøkt av alder, med ein'-kragg på ryggjé; skodd var i høom, og skumt var på fjell. Myrkt var i morkom, det halla mot kveld. Det rikta og svikta i turrfuru-skrymt - ho stod som eit syn der i skodde og skymt. Eg helsa godt mot, og ho svara Gu'sindé', det var på ei myr burti fjellom ved Rindé. "Dæ mæssom e' trur ikkje dauin vil hå me', å Gu' gje au, leil, at e' snart ha stridt frå me'!" - ho skolv som på eit tre på ei myrull-myr, der livande daude krèk innåt og kryr. Ho stod der so drøymd som ei bergvegg-møy, so gomol og grå, at ho fekk ikkje døy. Eingong flaug ho gjætl'-gjente, lettføtt som hindé, og lokka i langmorkom burti ved Rindé. Ho einstirde langt inn i dauden og domen, ho ynskte seg siste timen sin komen; krokt over krykkja ho stirde og stod. Handi var krøkt som ei rovfugl-klo. - - Det serra so rart i eit vindalt tre, det raut gjenom rømdi og nære ve...