Innlegg

Viser innlegg med etiketten Raudalen

Reinsbukken Kauto frå Kautokeino

av Jan-Magnus Bruheim No skal du høyre om reinen Kauto frå Kautokeino som voks opp og sprang og leika i lag med Matti og Aino. Mora hans døydde. Men borna og Kauto var alltid saman. Dei sumde elvar. Dei leika gøymsle og hadde moro og gaman. Så var det ein vår at fleire enn han vart selde og sende og kom over fjella heilt til Skjåk. Men Kauto lengta attende. Aino og Matti syrgde den dagen han reiste frå dei. Sjøl trudde visst Kauto han alltid skulle få vera hjå dei. Han lengta til Mattis og Aino, til nordljos og nattsol-netter, og venta borna kvar einaste dag - men dei kom aldri etter. Der Kauto stod, såg det ut som han stanga i himlen med horna. Han ville fara i denne kveld og koma heim att til borna. No lura han seg or flokken utan å spørje om lov. Reinsflokken låg og kvilde, og jamvel hundane sov! Lenger og lenger bar det frå flokken. Det gjekk i dilt. Klauvane knuspra mot snøen, men elles var allting stilt. Så stod han på Dyringshøa og såg ...