Innlegg

Viser innlegg med etiketten Hauge‚ Olav H.

Vår i fjellet

av Olav H. Hauge I dag dansa snøfennene som reinsbukkar i soli. Elvi hastar heimyver, tek med seg vinteren – Men hit er heiloi komi og grøne grashall. Kjelde:  Dropar i austavind , Noregs Boklag, 1966, s. 38

Steinsprang

av Olav H. Hauge Smiler du, er det langt burte - i ein solglim yver kald snø. Berre høgd og ålvor er du. Kven kunde tru at du frøyser bringeknuten din ut i tung, drepande stein? Dei er fårlege, desse steinane, og lause. Du stend og lyder etter dei når dei fer - høyrer dei krasar i skogen under deg, flengjer upp savgule trelegger og rapar lyngtuster og slikt truskuldig krabbande, klivande med seg imot djuvet. Sjølv stikk du hovudet upp i det blå, kjøler panna i stride kalde vindar og plistrar.  Kjelde: Dikt i samling, Det Norske Samlaget, 2000, s. 163

Vinterdag

av Olav H. Hauge Kva vil det framande ljoset her? Dagen er under kvite stjernor. Og draumane gror under månen. Berget har ord langt inne, men bringa er stiv og skjegget frose. Elvosen svarar med stutte blenk, open ei stutt stund, og furone ofrar litt kvåe. Fuglekongen skjek ned snø, og hesten mimrar med rimut mule. Veden rengjer ut klaka flesk, og frosten et upp øksehoggi. Men no stangar nuten solskiva i tusund spildror, slær pliren hennar imot ein klote langt burte. Høge grankjertar på rindane sloknar, og trei roar seg i holti for natti. Elvi sukkar i djuvet, støkkjer sin havlengt til is, og steinane søv under snøen med grøne draumar i hjarta. Kjelde: Dikt i samling, Det Norske Samlaget, 2000, s. 175

Under stjernone

av Olav H. Hauge Kva er det som har drive meg ut under denne stride morgonhimmelen? Dei blå, kravstore stjernone, kva er det dei vil? Fjelli lovar ingenting, - vik berre so dei slepper fjorden inn og elvane ned, og stend forherda under snøen. Men skoglidi, skoglidi har kasta seg langflat og nækt si armod under stjernone. Det er mi eigi kvide, mi eigi sårnaud som ligg der jarnsvart og blødande og sver å grønkast og syngja. Kjelde: Dikt i samling, Det Norske Samlaget, 2000, s. 176

Yver hengjemyri

av Olav H. Hauge Det er rotstokkane av alle trei som har stupt uti her, som gjer du kan gå trygt yver myri. Slike stokkar held seg lenge, dei kan ha lege her i hundratals år, og endå er det eit morke skrimsel att av dei under mosen, dei er enno med og ber so du kjem frelst yver. Og når du skyv ut på fjellvatnet, kjenner du at minnet um den kaldingen som drukna seg her ein gong, er med og ber den skrale pråmen. Han, den galningen, trudde livet sitt til vatnet og æva. Kjelde: Dikt i samling, Det Norske Samlaget, 2000, s. 193

Berget i fossen

av Olav H. Hauge Dei er nifse og agelege, sidemennene dine òg, dei med skjelv so kaldvæta dryp. Deg ser me ikkje, men me veit du er der: ein sterk rygg, ei ubroti trass under villdyret som kastar seg yver deg i grønt ras, tygg skum, stampar i botn. Ein ettersumar kan vinden slå silkeragget til sides. Då ser me dragi dine: ikkje kaldgrøne tærde drag, men kvitskura truskuld. Kjelde: Dikt i samling, Det Norske Samlaget, 2000, s. 197

På høgdi

av Olav H. Hauge Etter lang vandring på uframkomlege vegar er du uppe på høgdi. Motgangen kuva deg ikkje, du trødde han under deg, steig høgare. Soleis ser du det. Etter livet har slengt deg ifrå seg og du slumpa til å hamna ovanpå, lik ein einføtt trehest på sorpdungen. Livet var miskunnsamt, det blindar og synkverver, og lagnaden akslar byrdene dine: Dårskap og ovmod vert berg og blautmyrar, hat og agg vert sår etter piler frå ovundsmenn, og tvilen som grov deg, vert kalde utturka gjel. Du gjeng inn i bui. På gruvesteinen ligg gryta kvelvd og sprikjer fiendsleg  med svarte føter. Kjelde: Dikt i samling, Det Norske Samlaget, 2000, s. 198

Fjell er tunge å flytta på

av Olav H. Hauge Fjell er tunge å flytta på, eikeroti seig å rikka, kven vågar seg i kast med dei store sakene i verdi? Uksar og elefantar ber dei på ryggen lange vegar, ørnar flengjer ut blodige stykke og fyk til ufser og avgrunnar, ulvane rivst um dei, revane har dei til åte, flugone skit dei til, skjori stel sylvet, ormen ber kruna. Kjelde: Dikt i samling, Det Norske Samlaget, 2000, s. 299

Fjell lokkar ikkje meg lenger

av Olav H. Hauge Fjell lokkar ikkje meg lenger. Eg har levt lenge nok millom kalde bredar. Enno leitar eg meg fram i skogane, lyder til haustvinden, stoggar ved tjørnane, fylgjer elvane. Endå seint på året kan du finna bær der. Fjell lyt du yver skal du koma lenger. Nutane fær stå der dei stend til méd. Kjelde: Janglestrå i Dikt i samling , 1980, Noregs Boklag, s. 265

Berget

av Olav H. Hauge Berget syner meg sine grimor, skuringsstripor og klomerke etter frost. Men mange dagar har det drukke sol og vorte stroke av linn vind. Kjelde: Dropar i austavind , Noregs Boklag, 1966, s. 58

Støl

av Olav H. Hauge Her mel elvi. Her susar vinden. Her stend lushatten som fyrr. Ein gamal øyk har gnage stølsvollen snaud, rundt ruvone stend att tuster av langt gras i flugesurr, dei kjem han ikkje nær. På steinane ligg geitene og jortar, læst inkje sjå. Dei kliv i alle berg og bit toppane. Kjelde: Dikt i samling, Det Norske Samlaget, 2000, s. 211

Elvane møtest

av Olav H. Hauge Elvane møtest, frå kvar sitt fjell. Grip kvarandre i hendene. Blandar sin song og sitt blod. Held fram einige, sterkare, snåvar ikkje so lett i steinane: Turrskodd skal ingen vassa oss no! Kjelde: Dikt i samling, Det Norske Samlaget, 2000, s. 207

Vinteren har gløymt att

av Olav H. Hauge Vinteren har gløymt att kvite kyr i fjellet, der beiter dei i grøne hall. Men vårsoli og graset er for sterke, dei magrast for kvar dag. Kjelde: Dikt i samling, Det Norske Samlaget, 2000, s. 206.

Stabbesteinar

av Olav H. Hauge Stundom gjeng vegen yver ei slette. Det er ikkje livs fortap um du ikkje fylgjer han, men folk gjer det. Oftast er det bergveggen på eine sida, hoggbratte floget på hi, då lyt du fylgja vegen. Bergveggen stengjer, stabbesteinane grin som ein tanngard: Hald deg etter vegen! Kantute stabbesteinar, minte ut or berget av trauste arbeidsmenn, snur kvasse hyrnor imot deg: Me kløyver skallen på deg, du skal ikkje rusa utfor. Kjelde: Dikt i samling, Det Norske Samlaget, 2000, s. 199

Fjellvinden

av Olav H. Hauge Du var ein kald strid fjellvind. Til ein myrk vindskjerm reis upp der framme og splintra di kraft. Døden. No smyg du - ein broten vind langs lunka berg. Kjelde: Dikt i samling, Det Norske Samlaget, 2000, s. 191

Elvi burtanum fjorden

av Olav H. Hauge Ho dett og dett i dag som i går, dett i berg der berre ørn fyk - dett i eino, dett tungt mot fjell utan ljod, utan song, strævar og dett - velt fram or giljar og gjøttor, bullar i kvitskjegget, stoggar og heng - dett i tidløyse, dett i marebunden draum - fær ikkje ord fram, ikkje ljod. . . Kjelde: Dikt i samling, Det Norske Samlaget, 2000, s. 133

Eitt visste du

av Olav H. Hauge Eitt visste du: at dårskapen i verdi er berg som trygt tolde dine horn, og at ingen gat meir på kva du sa, enn på hunden hisides fjorden. Du vilde ikkje rettleida nokon, - berre eggja imot berget, dette skrovberget som stødt veks, til det er det einaste som er att. Då du merka dei tok til å lyda på deg, vart du stuss; det kunde ikkje vera gneisen du hadde teke på. Og du som visste at dårskapen i verdi er flinkalde, hoggharde berg og at vegen til visdom er endelaus! Kjelde: Dikt i samling, Det Norske Samlaget, 2000, s.120

Stå ikkje der og skrik på eit berg

av Olav H. Hauge Stå ikkje der og skrik på eit berg. Visst er det sant det du segjer, sant so det skrell i blekkspann og fant. Gå inn i berget, bygg smidja di der, mur avlen din der, glød jarnet ditt der, syng med du slær! Me høyrer deg, høyrer deg, veit kvar me har deg. Kjelde: Dikt i samling, Det Norske Samlaget, 2000, s. 254

Elvemøyi

av Olav H. Hauge I ljose vårnæter, når bjørkene sprett på svadi, slær ho ut håret og trør dansen med song framfor berget. No er ho slutta å leika og femner med kvite armar det jarngråe fjellet i eit langt sugande iskyss. Kjelde: Dikt i samling, Det Norske Samlaget, 2000, s.86

Eldberget

av Olav H. Hauge Vanvyrd meg ikkje, de trygge og skikkelege berg! Gjenom meg, usæle, skulde det brjota alt det innestengde som vår bergætt i uraldrar ol. Det var ikkje min lava, mi oske, min eld meir enn dykkar, men bresten var min. Eg er berre eit berg som andre berg, ingi gåte og ingen guddom, berre eit skrøpeleg, utbrent berg. Men ingen veit som eg kva krefter det søv i oss berg. Kjelde: Dikt i samling, Det Norske Samlaget, 2000, s. 99