Innlegg

Viser innlegg med etiketten Sande‚ Jacob

Hornelen

av Jakob Sande Djevlesvart, vill som ein trollkatedral,      sundriven, morkna og grå. Havet marmar med sukk og skval, hyler åt Satan ein kald koral,      når nordvesten bryter på. Nordljos logar i vetternott,      over dei svarte glup. Stilt gjennom natt susar vindharpeslått, døyvt stig nåskrik og trollelått,      upp frå dei døkke djup. Djevlar dansar ved midnattsbel      - munnharpa skjer og kvin, Remjande skrattar og tussespel, ljomar i notti til hanen gjel,      og nordljos blakrar og skin. Han sankast frå nord og frå aust og vest,      trollpakk og seidemenn. Her held dei sin heilegae jolefest, der Judas er klokkar og Satan prest,      med' nordljos blakrar og brenn. Frå Svarte næter, Gyldendal, 1929

Bølingen slepp ut

av Jakob Sande No spretter lauvet no grønkar graset og sola skin over Jonsoknut, og fluga surrar mot fjosmurglaset, og kua rautar og stundar ut. Der kjem budeia med massingbjella og kolven mjukt i mot malmen syng om sol og sommar i sæterfjella på vide beiter av gras og lyng. På låvekloppa med påk i neven står eg og broren min trygt på lur, for rett no veit vi det vert eit leven som heile garden på ende snur. Vi høyrer rauting og ståk frå fjoset, og fyrste kua i døra står. Ho blunkar blinda mot vårdagsljoset litt støl, kanhende, i legg og lår. Men best det er som ho brått seg sansar og slengjer bakparten ende opp, og yr og kåt over tunet dansar med skeive, sjanglande nautehopp. Der kjem dei rennande heile skreia med ville fakter og håse raut, som var det sjølvaste oskereia og ikkje velvorne, vaksne naut. Dei unge dansar på lette føter so sand og småstein for klauva fyk, og prøver styrke med gamle krøter, men vanlegvis får dei herleg stryk...

Fjellbekken

av Jakob Sande Villbratte høgfjell blånar,    i stråledis, tind ved tind, breane brest og brånar    for vårsol og maivind. Det susar i stengde dalar,    der trolltjønna, myrk og vill, mot audslege svadberg skvalar,    i vårnatta, stor og still. Ørna i stormjag sprengjer    tilvers gjennom solblått gry, sigler på breide vengjer    i vårdagen, sval og ny. Ho ser kvart eit liv i lavet,    og skimtar dei løynde bol, men langt uti vest ligg havet,    og blånar i morgonsol. Hangande, bratte urer,    med vegville gangar i. Fjellreven blodtyrst lurer,    i bortgøymde, varme hi. Haustull og morkna klauer    og eirgrøne, gamle bein ligg att etter drepne sauer, som slagg kring ein offerstein. Fuglar i kvite flokkar    kjem susande, veng ved veng. Steggen på rypa lokkar,    der sylvgrå i snø ho gjeng. Røyskatten mjå seg strekkjer  ...

Me flytter frå stølen

av Jakob Sande Me flytter frå stølen med bøling og bu, åt bygdi seg rekkjer den rautande ku,    og smalen seg sankar i flokkar. Fjordbalkken ruggar so breid og stor, på klyvi sit Vesle-Brit, gjenta til mor,    og hjalar på hjuringlokkar: Kom kyri, kom kalven, kom stuten, kom smale og geit uppi nuten! Kom Gullros, kom Lokke og Rose, kom heimatt i varmaste fjose!    kom kyri, kom smalen    åt dalen åt dalen,    å kom! Heidi sturer so mager og grå, beisti hev gnege kvar blom og strå,    -her er ikkje verande lenger. I dalen feitaste håbøen gror, raunen laver iår som ifjor,    og burte er alt det som stengjer. Kui rautar eit langt farvel, ser ifrå leitet dei gamle sel,    og takkar so varmt for i sumar. Vesle-Brit lokkar i langelur, huldra svarar i berg og ur,    og haukar og syng so det ljomar: Kom Bertel og Sjur burti nipa nord! Hei, kristenfolket til bygda for! No rå...

Tusselåt

av Jakob Sande Og tussekallen sat uppi Glurvenut,    og skreik til gjætlesveinane sine: "Å skund dykk og driv heimatt både ku og sau og stut,    og alle kussekalvane mine! Kusse ki-ki-ki, kusse ko-ko-ko,       kussi ko. Til Helgamesse fyller eg sjauhundrad år,    Gud hjelpe meg elendige trave, og giktebroten er eg båd` i legg og i lår,    og ryggen min er kroken som ein klave. Kusse ki-ki-ki, kusse ko-ko-ko,       kussi ko. Eg er no ikkje lenger den guten som eg var    det året då eg fridde til ho Guri, og Glurvenuten tvert igjenom Geiteskaret bar,    og brukte han til legestad åt bruri. Kusse ki-ki-ki, kusse ko-ko-ko,       kussi ko. Og aldri skal eg gløyma den gongen eg tok tak    med Rise-Jo ein gneldrekald vetter, og slengde han i berget med dunder og brak,    so jorda skolv i fire vikor etter. Kusse ki-...

Stemning

av Jakob Sande Vårbleik måne i aust over snø og skinande skare, snøgge, krossande far etter rev og rømande hare. Veikt og skimrande ljos gjennom bleike, kveldstille sunder, kvite, toppande skavlar med skuggen soavnde under. Audt og einsamt i fjell går eit myrkt og kvervande skifar, mjuke, tagale spor av to nær og jamsides skipar. Ven, eg høyrer din pust som ein livsens straum ved mi side, skuggen ser eg ved min over snøen leikande glide. Ven, snart er natta vår, og din veike fot skal få kvile, lunt og trygt i min arm skal du trøytt og lukkeleg smile. Kjelde: Jakob Sande: Dikt i samling, Gyldendal Norsk Forlag, 1998, s. 211

Augustkveld

av Jakob Sande Linnsus syng over åker og eng,     gullgule aksi svagar. Solvarme drag over bygdi gjeng,     -det mognast i kyrre hagar. Og fuglen fløyter so mjukt og stilt,     so langt, so langt burti skogen. Blånande fjell i kveldsol og dis,     skjelvande bjørk frampå stupet. Havet det femner i voggande bris,     langt nedi det blåsvarte djupet. Og fuglen fløyter so mjukt og stilt,     so langt, so langt burti skogen. Skjelvande sus i det gule korn,     -hauking og lokk i lider. Ljomande lokkar eit gjætarhorn,     -tagnar og døyr umsider. Og fuglen fløyter so mjukt og stilt,     so langt, so langt burti skogen. Kjelde: Jakob Sande: Dikt i samling, Gyldendal Norsk Forlag, 1998, s.12

Huldresong

av Jakob Sande Kvi går du so still og sturer i fjellet du vesle svein? Kvi sit du so bleik og kurer med hand under kinn, der på stein? Kvi går du med tankar såre for ho som i synd deg sveik? Ho er ikkje verd ei tåre, so stur ikkje lenger so bleik. Å høyr meg du mannsbarn unge, kvi går du med sorg i sinn? Lat fara dei tankar tunge, – kom over i haugen min! For her skal du sorgi gløyma ved barmen min, mjuk og varm, og ljost imot dagen drøyma, kvar natt i min trugne arm. Å høyr meg du mannsbarn bleike, hjå meg skal ditt hugsår gro. Eg skal kje med hjarta ditt leike, som ho som du tenkjer på no. Nei alltid skal eg vera hjå deg og kyssa ditt bleike kinn! Å gå ikkje burt ifrå meg, kom over i haugen min! Det rørest eit liv her inne, som aldri du drøymde før. Sjå møyar til tonar linne, i sylverflor dansen trør, og slåttar på trollstillte strengjer skal svæva i draum deg inn, og natti med mjuke vengjer, skal vogga deg lett og linn. Hu lu over berg og dala...