Innlegg

Viser innlegg med etiketten Vinje‚ A. O.

Staale paa Fjellferder

av A. O. Vinje "Til fjells, til Fjells upover Dal og Lid og over Bekk og Aa med Straumen strid, og so fram etter Kult og Knatt og Koll med Bakkedrag på mosagrodde Voll. So lenger burte seer du Topp og Tindar med kvite baand ikring som breide Lindar, og svarte Ryggar att' og fram seg krossar, og millom Sidebeina storknad Fossar. Du gjeng og stend, og fram du strævar paa og set deg ned og kringom deg lyt sjaa. Du pusten er og aldri nok kan faa af dette Syn, som sigler i det Blaa. So leitar du ikring og seer og gjeng, og legg deg ned paa mjuke Mosasæng. Du skjelv af Liv, og hjarteslaget læter. Det svarte Blod vert raudt i denne Æther. A! kjære Bymann gakk ei stjur og stiv, men kom her up og kjenn eit annat Liv! kom hit, kom hit, og ver ei daud og lat! kom kjenn, hot d'er som heiter Svevn og Mat, og Drykk og Torste og det heile, som er Liv og Helse i ein Hovudsum. Og Tanken, denne Fugl fraa Ljos og Dag, her slær han sine sterke Vængeslag, og fyker...

Frå «Ferdaminni fraa Sumaren 1860»

av Aasmund Olavsson Vinje Fraa Byen det berer. Eg lyfter paa Hatt. Gud veit no den Dagen naar dit eg kjem att'. Farvel Hovudstaden, i deg var det best: der fann eg dei Beste, der lærde eg mest. Lat sjaa, du som altid paa Folk helder Styr! for Du er den Karlen som temja kan Dyr. Men ufrisk i Varmen eg altid deg fann. Du er liksom Tanken, du elder din Mann. Og derfor til Fjells vil eg draga som Døl, og Kjenningar finna og gløyma meg sjølv. Kjelde:  Ferdaminni fraa Sumaren 1860 , s.n., 1861, s. 3

Pantebrev

av A. O. Vinje Eg er som vel du veit, ein fjellets mann, og derfor dreg til fjells so tidt eg kan, å friska meg på fly og bratte bryn og sjå ikring meg alle store syn. Men etter som eg meir på alder steig, og foten mindre lett frametter seig, so laut eg soleis sveiva meg og snu, at eg i Jøtunheimen fekk ei bu, der eg ein månads tid kan leva vel, og styrkja millom fjellom skrott og sjel. Eg plassen valde etter syn på mange, ved Bygdins vestre ende på ein tange. Frå logne heim der ser du tindar vaja, og Slettmarkhø som likjest Himalaya. - Med kvite lokkar stend ho som i tankar, so nett som hægste tinden Gaurisankar. Eg tri fekk med meg til det byggjeverk, men endå er min pung so lite sterk at ikkje eg, som er ein avsett kar, kan løysa inn min pant i denne gard. Fem dalar hadd' eg; so var pungen tom, og fem og tjuge er den heile sum. Men detta vanta tjug til samskotslag, det fekk av konsul Heftye eg i dag. For dette og den gode viljen sin eg gjev'n pa...

Det syng for Storegut

av Aasmund Olavsson Vinje Han gjekk i Skogen Storegut ein Dag upp under Breito-Nut, og som han gjekk der upp og ned og leitad etter Evnings-Tre, med eitt som naglad fast han stod; for mot'n kom eit Gjente-Ljod, som lokkar Geit og Saud og Ku mot Kvelden heim til Sæterbud og bed ifraa seg Bjørn og Skrubb: og naar ho dette her song paa, som Taarer kom i Mælet daa: "Den dag kjem aldri, at eg deg gløymer; for um eg søver, eg um deg drøymer. Um Nott og Dag er du like nær, og best eg ser deg, naar myrkt det er. Du leikar kringum meg der eg vankar. Eg høyrer deg, naar mitt Hjarta bankar. Du stødt meg fylgjer paa Ferdi mi, som skuggen gjeng etter Soli si. Naar nokon kjem og i Klinka rykkjer. d'er du, som kjem inn til meg, eg tykkjer: eg sprett fraa Stolen og vil meg te, men snart eg sig atter ende ned. Naar Vinden lint uti Lauvet ruslar, eg trur d'er du, som gjeng der og tuslar; naar sumt der burte eg ser seg snu, eg kvekk og trur, det maa vera d...

No seer eg atter slike Fjøll og Dalar

av Aasmumd Olavsson Vinje Tittelen er seinare språkleg normalisert til "No ser eg atter like fjell og dalar" av Olav Midttun (1942). Også kjend som: "Ved Rundarne" No seer eg atter slike Fjøll og Dalar som deim eg i min fyrste Ungdom saag, og sama Vind den heite Panna svalar; og Gullet ligg paa Snjo som fyrr det laag. Det er eit Barnemaal som til meg talar, og gjer' meg tankefull, men endaa fjaag. Med Ungdomsminni er den Tala blandad: Det strøymer paa meg, so eg knapt kan anda. Ja, Livet strøymer paa meg, som det strøymde, naar under Snjo eg saag det grøne Straa. Eg drøymer no, som fyrr eg altid drøymde, naar slike Fjøll eg saag i Lufti blaa. Eg gløymer Dagsens strid, som fyrr eg gløymde, naar eg mot Kveld av Sol eit Glimt fekk sjaa. Eg finner vel eit Hus som vil meg hysa, naar Soli heim mot Notti vil meg lysa. Alt er som fyrr, men det er meir forklaarat, so Dagsens Ljos meg synest meire bjart. Og det, som beit og skar meg, so det saarat...