Innlegg

Som fuglefløyt

av Jan-Magnus Bruheim Når eg er burte skal eg koma til deg som fuglefløyt gjennom stille skogar. I den milde brisen som stryk deg lint over håret og fløyelsmjuk legg seg imot di kinn som stròk av usynlege, varme hender. Når dagen din dimmest og grånar og alt tykkjest meiningslaust, vil eg vera i solstrålen som bryt gjennom tunge skyer. Når du går der åleine, skal eg koma til deg i viddesusen frå fjellet i båreglitret skjelvande over sjøen. I nordljosnetter og når du går under djupblåe stjernehimlar, skal eg vera hjå deg. Når du går nedtyngd. Når hjarta ditt jublar av frygd. I alt skal eg vera deg nær. Du skal ikkje veta at det er eg, når du ser på den doggskire blomen – Medan du smiler den smilen eg ævleg har gøymt i mitt hjarta. Kjelde: Dikt i utval , Skjåk kommune, 2014, s 191

Alt er liv

av Jan-Magnus Bruheim Uruggeleg står det, fjellet. Skogane tøygjer toppar mot stjernene. Nattvinden talar. Himmelen kvelver seg over din barndom, skyfri og blå. Morgon med solsprett. Dagar i annsemd og onn. Blomane andar og lever. Doggflyg mot natt. Trufast har dagane fylgt deg. Sumar og vinter og haust og vår. Alt bar dei med seg. Alt er deg gjeve: Myrkret og ljoset, sorgi og gleda. Trufast imot deg har all ting vore. Um hâmen kan skifte, er alt det same. Alt har du fått med. Alt har fylgt deg. Alt har fylt deg. Alt er liv og høyrer livet til. Kjelde: Flo og fjøre , Noregs Boklag, 1984, s. 66

Lille fru Lillian MacInTyre

av Vegard Vigerust Det var så vakkert eit vær, og lille fru Lillian MacInTyre gjekk tur på Fokstugu-myre: "Å gid, så berusende varmt det er. Jeg holder slett ikke ut med klær!" Ho tok tå seg trøye og sko, så gjekk ho eit steinkast el' to. Så våga ho tå tå seg blusa – og dæ'med så kasta ho trusa! Slik gjekk ho på Fokstugu-myre, lille fru Lillian MacInTyre. Su-de-li-du, langt inni fjell! – I dag har det sandeleg hendt nogo lell! Det var så vakkert eit vær, og gamle Pær-Ola Sjovasslie kom rett på dama på sæter-stigje. "Å gid, så aldeles skjønt det er å være nymfe foruten klær!" Han stod der og heldt på og datt, fekk mest ikkje pusten att: Der stod det ei dame berr på lendom, sko og klæe heldt ho i hendom! "Ta frem og spill på din lyre!" sa lille fru Lillian MacInTyre. Su-de-li-du, langt inni fjell – i dag har det sandeleg hendt nogo lell! Kjelde:  Evig unge Dovre. Dikt, prosaskildring, lokalhistorie, Dovre-ord , ...

Mairegn

av Ragnar Solberg Morgen, med barflekker og skjør natt-is på hyttetur. Snøfjon i høyden. I håret mitt striler en regnskur. Jeg sitter ved steinbordet. Og kjenner det rygger som i drøm med våte ruter av levende skygger - Regnperler triller i krekling og mørkegrønn einer. Brunspraglet rypestegg spansker seg morskt i kvist og kvast, lokker kom herr! på en skarefonn med mosesteiner og skjener lydløs, som en lysflamme, i tverre kast. Bekker fosser. Jord-eim og sevjelukt fra vidjekjær og neverblanke bjørkegreiner med friske grønnskjær. En dansende solstreng streifer pannen min, ømt og vilt, stuper i stride bekker og snøvann som sikler stilt. Regn sprener i sprøde fonner, kvisker: Landet er ditt, skinner mot deg med tinder som klarner - sprakende kvitt med skydrift og skygger og is som gnistrer - fabelblått, - og fra himlen lyser i ild et drypende gullslott! Kjenn luften og jorden møtes. Jeg blir andektig stemt, blusser som en elsker fra uro til skjebnetung fred - He...

Morgen

av Ragnar Solberg Fra månehimlen en ny dag gryr i sol, åpner mitt land - og åpner livets hjerteslag dypt i meg, en ensom mann. Roglet og blå som fuglebryst bruser skyer for sval vind. Brune lier skinner bronselyst - og dette er skogen min. Bekk klukker i moll, svart og mjo. Tinder lyer, gnistrer kvitt, stiger i mektig, størknet ro - og, se, alt dette er mitt. Månemorgen med gull i munn. Glitter hildrer blygrå nut og soldryss i rim hvert sekund spiller dagens lykke ut - Kjelde: Kjærlighet til lyset , 1966, s. 9

Blomar på bjørk

av Jan-Magnus Bruheim Ei bjørk med nakne greiner stod fraus i fonndjup snø. Og frostgrøn kvelvde himlen seg over heim og hø. Det var ein tidleg morgon, eit under eg fekk sjå: Den nakne bjørk bar blomar, grå, raude, gule, blå. Og blomane dei kvitra så glade der dei sat, flaug ned på fuglebrettet då eg kom med morgonmat. Still stod eg der og visste det eg lenge hadde visst: At gleda jamt kan bløme på tom og naken kvist. Kjelde: Doggmorgon og andre barnerim , Noregs Boklag, 1977

Fjøre og flo

av Jan-Magnus Bruheim Det sit ein i tunge tankar – Sol sig bak fjell. Så kjem det tome myrkret og sjøen fell. Etter ei stund i stengsla, opnar ljoset si dør. Han kjenner seg atter breddfull og sjøen flør. Kjelde:  Dikt i utval, Skjåk kommune, 2014