Innlegg

Viser innlegg med etiketten Vesaas‚ Tarjei

Heim i kveld

av Tarjei Vesaas Det blå kom fram frå bortom alt som ter, og klær eit kveld-dimt fjell som du står ser. Det blå er inni deg og ventar der. Det blå syng lydlaust, djupnar imot svart. Det er ditt fjell når du kjem heim frå fart. Det talar aldri om kva livet vart. Det stumme fjell som styrer straumens gang, og trøytte mann som styrer mot eit fang står like stille i den dimme sang. Kjelde: Liv ved straumen, Gyldendal, 1970, s. 82

Bortom det som seiest

av Tarjei Vesaas Solsprett. Skire Gud og tinden. Kappa, lett og bleikraud breiest over. Snøen logar, det er alt ein ser. Skuggens dal nedunder. Djupt i sluket under. Isen grøn i elva. Ikkje anna skjer. Snøtinds rot og feste. Berget luter nederst, svart i skuggens skugge, nakent, vått, som skuldig. Bortvend, blind og bunden fjellvegg stuper ned. --- Haldt ut, sjel i berg. Einsleg, stengd, elendig, fjernt frå gylne tindar, fjernt frå gudens kappe, trassig i sitt stengsel, bortom det som seiest. Haldt ut enno, enno: det som skapest, det som lykkast, alt er bygt på det. Kjelde: Liv ved straumen, Gyldendal, 1970, s. 22

Berget som gret

av Tarjei Vesaas (Eit bilete måla av Sigmund Lystrup) Berget gret. Eit bilete på veggen. Det flintharde stupbratte berg. Ei raud hending skok steinmassene til det inste. Berget gret, og den som laga biletet måtte gå med dødsbodet til det unge blod. Ville bilete dansa for han, flaut saman frå mange kantar, der han stod fomla med blytunge ord. Slik græt berg. Slikt krympar hjartet. Penselen visste det og leika seg i eit opent samvet. Slik vart det diktet om berget som gret. Alltid græt berga. Tusenårs gråt ber dei merke av når ein kjenner dei. Berga og gråten har ein med seg sjølv. Kjelde: Liv ved straumen , Gyldendal, 1970, s. 108

Morgon på Vinjevatn

av Tarjei Vesaas Ein sprettande dag tenner himmelen bak Kik-ås. Vesle Kik-ås står så viktig midt i. Heimover på vatnet glid min tjøre-svarte båt. Lydlaust heimover, frå mitt ørvesle fiske. Lynende går fisken i djupet. Mjukt arbeider årene i morgonvåte tollegangar. Vinjevatns friske fjellsjø, min gamle båt kjenner han. Alt sterkare er skinet frå hendinagne bak åsen. Fram stig eit nylauga landskap. Mild morgon etter lunka natt, teiande, doggtung og mogen. Skoddeslør tvinnar som uro kring ein naken. Fine skimtar liene jordisk imellom. Rart er det, og stunda på sitt høgste. Ingen ord for vatns reine lufting. Alt er lauga, eller blir det. Alt er skjerrt og no . Snart over. - - - Doggstrå daskar støvlane på stigen opp frå stranda. Enno blinde ruter møter fram i tunet. Katt, hospiterende, med rompa reist, følgjer forventningsfull inn. Kjøleg klask av hanka på benken. For all del varsamt: Ikkje å vekke ein viss person med nasen i puta. Å, vi uts...

Sommarsvevn

av Tarjei Vesaas Blågrøne tjønn-vatnet skvalpar mot steinar. Takten er sovande. Glattslikka steinar. Tusenårs steinar slikka av båra, mjukare mjukare. Først denna kvite, den grå og den svarte. Svevnfull er båra og dreg seg tilbake, så sola får steike den kvite, den grå, og den svarte den største. Steinane ventar, tyrste og brennheite, lint som i vogge, ventar på båra den nye, den nye. Våte og hissande kyss. Sov sov, alt som kan flyte fram og tilbake. Grønklare vatnet bar ingen bodskap. Opptrutna maurar har slutta å slite, flyt som eit minne om rasande gjerning. Rek-ved som mørknar buttar i stranda. Sovande flyting fram og tilbake sommaren lang. Men vinden er lenger. Vinden som ingen har sett. Vinden og båra kan ikkje tryte. Vinden og stranda og tusentals steinar. Blågrøne vatnet ber svevnen i fanget. Blågrøne vatnet har allverdens tid. Kjelde: Liv ved straumen , Gyldendal Norsk Forlag, 1970, s. 79