Innlegg

Viser innlegg med etiketten Runningen‚ Lars

Høydalen

av Lars Runningen Eg veit om ein fjelldal som svaler og erler finn fram til kvar vår med sin kvitrande song, og at den er ei av vår Jotunheims perler, det sannar du nok om du kjem der eingong. Det fyrste ein heftar seg ved er kanhende eit vatn all dalen kan spegle seg i, med bekker lik sylvband frå vienvang-lende og lauvskog og fjellkjørr frå bergpall og li. Ein kan også lenge før høgsumarleite så ofte som vatnet ligg blekstilt eit bel, sjå grasgrøne slågå med bufe på beite som i ein fasett av ein veldig juvel. Kanhende ein robåt glid ut ifrå støa og stemmer til fjords ein vedunderleg dag og rundar ein pynt under stupbratte høa der lauvhenget skjelv for eit synnavind-drag. Og fær du ein dag, i frå Tverrbytt-tjønnose, sjå dalen som glimt av turkis og opal med' fjellkjørra blør over kvitkaur og mose da veit du, du finn ikkje vakrare dal. Kjelde: Dikt i utvalg, 1995, s. 127