Nordved Sjong
av Tor Jonsson Eg går her og vinglar og vimar på strendom ein stad nordved Sjong. For minnet krev sine timar – og helst vil det ha ein song. Eg set meg varleg og ventar til tida går att og bak. Og kvelden kjem att og hentar eit gloande månevrak. Kveldsvinden hullar ein springar. Og kvelden gøymer ei natt. På vatnet gjer fisken ringar, dei kverv og kjem aldri att – Da klårnar det opp eit minne på strendom ein stad nordved Sjong: Ein kveld eg møtte ei kvinne for fyrste og siste gong. Og augo dei smilte: Tak meg. Men tanken kalla det svik: Brenn ikkje bruene bak deg. Slikt er for den som er rik. Men sumaren vart til ein domar: Syt 'kje for lekam og sjel. I bergom står tusen blomar og blømer seg beint i hel. – – – Bårene bevrar kring osen, og månen sår sylv over sjo. Og dagen legg atter kosen mot vest og vert borte i blod. Men inge...