Innlegg

Viser innlegg med etiketten Sandum‚ Finn

Eg er der lell

av Finn Sandum Eg fann att ei heimbygd som ein gong var mi Eg gjekk på dei gamle stier Eg kom som ein framand frå gamal tid ein gamal frå bortgløymde tider Der gjekk eg blant nedgrodde murar og leita etter ein song som eg høyrde på solskinnsturar blant folket som levde ein gong Eg kvilde min fot på ein stein ved ein veg eg såg mot mi himmelrand bak blånar i rymda eg såg etter deg men fann ikkje lenger di hand Eg sat der åleine da kvelden seig på og kveldssola sokk bak vårt fjell Eg spurde meg sjølv: Skal eg bli eller gå? -Om eg går, så er eg der lell derfor, Finn Sandum Forlag 2016

Heiloens song

Eg høyrde ei vemodig plystring i heiloens sorgtunge song Eg låg innved tjønna og fiska i ungdommens sommar ein gong Sidan har heiloens sorgtunge song følgd meg i alle år Ei vemodig plystring eg høyrde ein gong er lykke, men likevel sår Den gongen var livet kvitt eller svart Heiloens song var kje kvit For du var kje der, og det vart slik det vart og heiloen følgde meg hit Kjelde: derfor, Finn Sandum forlag, 2016, s. 9.

Haustmorgon

Eg sat ein tidleg morgon på post innved ei myr Septembersola farga fjell frå aust Da var det eg fekk oppleve mitt livsens eventyr der fjellbjørkskogen gulna mot haust I myrdoggdisen der såg eg ein alvedans der myrull stod og kledde seg i dogga der såg eg huldra danse med sin lange huldresvans og stubben som eg sat på stille vogga Eg såg mot vest og der i myrullkanten stega kua fram og oksen følgde med Ein trollokse eg trur han var den fanten han fjetra meg og eg la rifla ned Eg kunne vore jeger der ved myra eit lungeskot og oksen seig i kne Men alvane som dans der rundt dyra ville aldri mitt hjarte gjeve fred Eg gjekk frå post som jeger utan dyr men likevel eg fekk ei stund så stor Og eventyret mitt der ved haustdoggmyr eg aldri sidan nemnde med eit ord Kjelde: derfor, Finn Sandum forlag, 2016, s. 13.

Haustminne

Det leikar i minne ei hending frå fjellet ein haustfarga dag Ein sundag eg trur det må vera med fjellbris i solvarme drag Gjennom vier og fjellbjørk eg vandra På solturre rabbar eg låg Ska tru om eg kanskje der sovna? Var det draum eller under eg såg? I bivrande haustsol eg ansa at buskene slepte sitt tak Fjellbjørk og sølvvier dansa i myrdogg der storelgen rak Med eitt der i haustfjellstilla eg høyrde ein symfoni med tonar frå eldgamle tider som ei bru ifrå tid til tid Tonane varleg anda i fjellbjørkdansen sin song I myrdoggdisen eg ana ei hulder som dansa ein gong Sikklet frå haustspake bekkar gjer fjellstilla meire sterk Som fjettra eg sit og undrast over meisterens skaparverk Eit susande søg gjennom lufta bryt i min hauststille fred I fargesprengd fullmogen røslyng slår ei vandrande trostflykt seg ned Eg veit kje kor lenge eg låg der, men låg nok til sola gjekk ned Ho sløkte dei haustvarme strålar og stille la kveldsdogga ned Kjelde: derfor, ...

Helsing til fjella

Vil du ta med deg helsing til fjella Du som ennå er lett på tå Vil du helse til reinlav og røslyng Der min fot ikkje lenger kan gå Vil du sende meg bud når du er der Vil du nøre din eld ved mitt tjønn Vil du sovne på steinen -eg sov der Vil du gje dei mi siste bøn At dei kanskje kan hugse eg var der At eg levde mitt liv der ein gong Takke for alt eg fekk der Syng dei min siste song Vil du ta med deg helsing til fjella Vil du helse og takke for meg Vil du be dei å slette gjelda For den rikdom eg stal steg for steg -Vil du ta med deg helsing til fjella? Kjelde: derfor, Finn Sandum forlag, 2016, s. 16.

Fjellvår

av Finn Sandum Det vårast på fjellet, det vaknar ei sjo som syng gjennom stilla mot kveld. Du kjenner ditt sinn finn ei kvilande ro der du nører din kaffebål-eld. Mot flekkbærre tindar du skodar og ser at den trassige vinter’n fell bort. Du kjenner ei lykke, du jublar og ler, blir så liten i det som er stort. Kjelde: Finn Sandum (2016)

Haustminne

av Finn Sandum Det leikar i minne ei hending frå fjellet ein haustfarga dag. Ein sundag eg trur det må vera med fjellbris i solvarme drag. Gjennom vier og fjellbjørk eg vandra på solturre rabbar eg låg. Ska tru om eg kanskje der sovna? Var det draum eller under eg såg? I bivrande haustsol eg ansa at buskene slepte sitt tak. Fjellbjørk og sølvvier dansa i myrdogg der storelgen rak. Med eitt der i haustfjellstilla eg høyrde ein symfoni. Med tonar frå eldgamle tider som ei bru ifrå tid til tid. Tonane varleg anda i fjellbjørkdansen sin song. I myrdoggdisen eg ana ei hulder som dansa ein gong. Sikklet frå haustspake bekkar gjer fjellstilla meire sterk. Som fjettra eg sit og undrast over meisterens skaparverk. Eit susande søg gjennom lufta bryt inn i min hauststille fred. I fargesprengd fullmogen røsslyng slår ei vandrande trostflykt seg ned. Eg veit kje kor lenge eg låg der, men låg nok til sola gjekk ned. Ho sløkte dei haustvarme strålar og stille l...

Haustmorgon

av Finn Sandum Eg sat ein tidleg morgon på post innved ei myr septembersola farga fjell frå aust, da var det eg fekk oppleva mitt livsens eventyr der fjellbjørkskogen gulna imot haust. I myrdoggdisen der eg såg ein alvedans der myrull stod og kledde seg i dogga, der såg eg huldra danse med sin lange huldresvans og stubben som eg sat på stille vogga. Eg såg mot vest og der i myrullkanten stega kua fram og oksen følgde med, ein trollokse eg trur han var den fanten, han fjetra meg og eg la rifla ned. Eg kunne vore jeger der ved myra eit lungeskot og kongen seig i kne, men alvane som dansa der rundt dyra, ville aldri i mitt hjarte gjeve fred. Eg gjekk frå post som jeger utan dyr men likevel eg fekk ei stund så stor, og eventyret mitt der ved hausdoggmyr eg aldri sidan nemnde med eit ord. Kjelde: Finn Sandum (2016)

Der livet var

av Finn Sandum Det ligg eit vatn trast innpå vidda og vegen dit opp er tung og bratt. Eg tende bålet der innpå stranda og låg og fiska så mang ei natt. Når dagen stampar i tunge stunder eg tenkjer ofte på bålet der, når tunge tankar i tusen runder legg klamp om foten kva enn eg gjer. Da ser eg bålet der innpå stranda og ljoset tvers gjennom skodda når. Eg let att augo og roleg anda og kjenner eimen av ungdomsvår. Eg høyrer gauken i sommarnatta, eg høyrer vemod i heilolåt. Litt oppi lia ein rypstegg skratta' ved stranda ventar ein gamal båt. Kjelde: Finn Sandum (2012)

Eg lengtar

av Finn Sandum Eg lengtar mot fjellet i haustklår glans. Eg dregst imot elvar i våryr dans. Eg lengtar mot skogen når vårnatta vaknar. Når sommarsol søkk er det havet eg saknar. Eg lengtar mot fjellet når storstormen bøljar. Eg trivst uti skogen når striregnet høljar. Eg saknar dykk alle kvar gong eg er sliten, for saman med dykk får eg lov vera liten. Kjelde: Sol i Skuggeskog , 2012, s. 19

Fjelltur

av Finn Sandum Eg høyrer ein song ifrå fjellet frå tindar og våte myr som lokkar meg opp ifrå bygda mot fjellheimens eventyr. Der reinlaven kryp over rabbar og dekker den magre jord Der myrull i fjellbrisen vaggar og talar forutan ord. Der inne på vide vidder eg andar i djupe drag mens heiloen vemodig varslar ein gryande sommardag. Bak snødekte høge tindar stig tindrande sommarsol opp Ein kvilestein tett innved bekken gjev ro i ein aldrande kropp. Her vil eg nyte mi niste og lytte til fjellbekkens sang og kjenne ein liten fjellkar krype opp på eit bestefarfang. Kjelde: Sol i Skuggeskog , 2012, s. 21